Hopp til innhold

Nytt selskap vil vinne ut mineral frå Engebøfjellet – utan fjorddeponering

Nordic Mining får konkurranse av ein gjeng med grunneigarar om gruvedrift på Engebøfjellet. – Vanskeleg å sjå realismen i prosjektplanane deira, seier direktøren.

Engebøfjellet

ENGEBØ: Nordic Mining har fått konkurranse om gruvedrift i Engebøfjellet i Naustdal.

Foto: Håvard Heggen / NRK

– Først og fremst har eg stor forståing for at grunneigarane vil ha ei gruve utan deponi. Det skulle vi gjerne gjort også, men vi har vanskeleg for å sjå realismen i prosjektplanane som er lagt fram, seier Ivar S. Fossum, administrerande direktør i Nordic Mining.

Eit nyleg etablert selskap, beståande av blant anna grunneigarar, har kome med nye planar om den omdiskuterte gruvedrifta på Engebøfjellet i Vevring i Naustdal kommune. Selskapet heiter Artic Mineral Resources og deira plan er å vinna ut mineralet granat, som vert nytta til blant anna sliping.

Planen er å vinna ut mineralet utan at avfallsstoff vert deponert i Førdefjorden, slik planane til Nordic Mining er.

Det var avisa Firda som først omtalte planane frå det nye gruveselskapet.

Omdiskutert

Nordic Mining har hatt planar om å hente ut minerala rutil og granat frå fjellet i over ti år. No er dei inne i siste planleggingsfase og målet er å byrja bygging av gruveanlegget i løpet av 2019.

– Vi ser det ikkje som realistisk å laga ei fornuftig gruve som skal vare over lang tid utan deponering av avfallet i fjorden. Desse nye planane betyr lite for arbeidet vi heldt på med, seier Fossum.

Engebøfjellet har blant verdas største førekomstar av minerala rutil og granat. Rutil vert brukt i pigment- og metallproduksjon, medan granat vert brukt til slipe- og skjæreformål i industrien.

Men for å få tak i minerala vil det bli store menger overskotsmateriale og konflikten har vore kor ein skal gjera av det. Løysinga har blitt deponering i Førdefjorden – noko som har ført til fleire aksjonar mot selskapet frå naturvernarar.

Trass i samla bøter på om lag ein million kroner har Natur og Ungdom sagt at dei er klare for nye aksjonar.

– Eg syns prosjektet til det nye gruveselskapet ser spennande ut. Eg tenker at det viser at planane om dumping av avfall i fjorden ikkje kan gjennomførast, seier Gaute Eiterjord som er leiar i Natur og Ungdom.

Ikkje høyrd noko

Nordic Mining har trass i motstanden frå grunneigarar og naturvernarar fått grønt lys frå politikarar og departement til å gå vidare med planane sine.

– Det nye gruveselskapet med grunneigarane har ikkje tatt kontakt med kommunen. Det er kommunen som har myndigheit over byggesaker og reguleringsplanar, seier ordførar i Naustdal, Håkon Myrvang (Ap).