Hopp til innhold

Blir ofte kontakta av uroa folk som trur dei har funne kongekrabbe

Havforskingsinstituttet får ofte meldingar frå folk som trur dei har funne kongekrabbe. Krabaten er ikkje eit vanleg funn i den sørlegaste delen av norskekysten -men folk er likevel uroa over krabbefunna sine.

Kongekrabbe, Jan H Sundet

KONGE MED KRABBE: Seniorforskar Jan H. Sundet ved Havforskingsinstituttet seier folk ofte trur dei har funne den berykta kongekrabba.

Foto: Montasje: Anette Karlsen, Havforskningsinstituttet/NRK

– Vi er veldig fornøgd med at folk er årvakne og følgjer med og sender oss beskjedar og bilete om dei finn noko dei trur er kongekrabbe, seier seniorforskar ved Havforskingsinstituttet, Jan H. Sundet.

Han fortel at folk er ivrige med å kontakte dei. Kongekrabba er ein relativt ny krabbeart langs norskekysten, og har spreidd seg sørover frå Finnmark. Forskarane meiner ho ikkje høyrer heime i Norge – og at det er ønskeleg at ho ikkje spreier seg.

– Vi får ofte førespurnader og det ifrå heile landet. Frå nord til sør. Vi har til og med fått melding ifrå Oslofjorden frå folk som trur dei har fått kongekrabbe eller lurer på om dei har fått ei, fortel Sundet.

Fleire krabbefunn

Seniorforskaren seier det førebels ikkje har vore kongekrabbe dei gongane folk har kontakta dei. Likevel er det viktig at folk tek kontakt dersom dei trur dei kan ha funne ei kongekrabbe. For Sundet ønskjer å vite når og viss krabba dukkar opp i eit område.

– I utgangspunktet skal det vere lite sannsynleg å finne kongekrabbe utanfor vestlandskysten, men vi veit jo aldri når dei kjem så langt sør som til Sogn og Fjordane. Det har vi på ein måte ikkje noko kontroll på, seier Sundet.

For eit par år sidan blei det funne kongekrabbe i nabofylka til Sogn og Fjordane, i Hordaland i 2009 og Møre og Romsdal i 2011.

– Det er funne ei krabbe i Bergensområdet tidlegare. Det er og funne ei krabbe i nærleiken av Grip i Møre og Romsdal, fortel kongekrabbeeksperten.

Troll- og pyntekrabbe

Når nokon trur dei har funne kongen på havet går dei anten inn på nettsidene til Havforskingsinstituttet på fiskefunn eller dei går til media med krabbene sine.

– Det viktigaste for oss er å få eit bilete av krabba. For det er den einaste måten vi kan bekrefte eller avkrefta om dette faktisk er ei kongekrabbe, fortel seniorforskaren.

Kva er det folk som regel har funne?

Som regel er det snakk om trollkrabbe. Det er ein anna krabbeart som for så vidt er nær slekt av kongekrabba, men som er heilt vanleg langs norskekysten. I tillegg er det gjort ein del funn av pyntekrabbe som er mykje mindre og ser litt annleis ut, fortel Sundet.

Han seier at stort sett er det torskekrabbe ein får i garnet sitt i Norge.

– Så med ein gong ein får noko anna enn den, så lurer folk for å seie det sånn.

Kanskje kjem kongen

... eller ikkje.

– Vi trur det kanskje er i varmaste laget for kongekrabba utanfor kysten til Sogn og Fjordane, men vi har sett eksempel på at den kan leve såpass langt sør. Så vi kan ikkje sjå bort frå det, seier Sundet.

Han seier at ei eller to kongekrabbe i eit område ikkje er noko problem.

– Men vi veit jo at dersom det er to kongekrabbar så vert det fort mange fleire, ler seniorforskaren.

Det er då ein problemet kan oppstå. Kongekrabba er ein framand art som ikkje skal vere her.

– Forvaltninga i dag går ut på at ein helst ikkje skal ha kongekrabbe vest for Nordkapp. Så vi prøver å halde mengda med krabbe i det området så lågt som mogleg.