Hopp til innhold

Gjorde seg ferdig med Boston-bombene i fjor

Måndag startar rettssaka mot den tiltalte etter bombeeksplosjonane under Boston Maraton i 2013. – Eg reknar med at han får straffa han fortener, seier Oddny Hønsi Ringheim frå Vik.

Oddny Hønsi Ringheim, Boston maraton bombe

TOK IKKJE SKREKKEN: Oddny Ringheim er opphavleg frå Vik, men er busett i Fana.

Foto: AFP/NRK

Med få sekunds mellomrom råka to kraftige eksplosjonar Copley Square medan mosjonsløparane var i ferd med å fullføre det tradisjonsrike maratonløpet.

Oddny Hønsi Ringheim, som er busett utanfor Bergen, var ei av 30 påmelde nordmenn. Alle kom uskadde frå eksplosjonane.

– Heile byen var som lamma i etterkant. Eg var ved eit kryss mellom ein halv kilometer og ein kilometer frå eksplosjonane då eg høyrde eksplosjonane. Vi vart umiddelbart stogga og omdirigert av politiet, hugsar 53-åringen.

Vil følgje med

Ringheim, som er busett i Fana utanfor Bergen, fortel at ho ikkje såg mykje til kaoset som oppstod ved Copley Square. Ganske umiddelbart vart området der tre personar omkom og 264 personar vart skadde sperra av.

Måndag startar rettssaka mot Dzjokhar Tsaranjev (21) som er tiltalt for å stå bak angrepa saman med bror sin, Tamerlan. Sistnemnde omkom nokre dagar seinare i ei skotveksling med politiet.

Boston maraton bombe

DRAMATISK: Det var kaotiske tilstandar etter at dei to bombene gjekk av ved Copley Square under Boston Maraton.

Foto: MetroWest Daily News/Ken McGagh / Reuters

– Eg vil nok følgje med om eg høyrer noko om rettssaka, men det er ikkje slik at eg vil følgje veldig aktivt med, seier Ringheim.

God retur i fjor

– Du kjenner deg ferdig med hendinga?

– Det var veldig spesielt og sårt for alle oss løparar at nokon angripe noko så fredeleg som eit maratonløp. Men for min del var eg tilbake og sprang også i fjor. Det var godt å sjå byen i eit positivt lys, der alle var glade. Eg trur for min del så avslutta eg det trasige då.

Den tiltalte risikerer dødsstraff etter at føderale styresmakter tiltalte han for bruk masseøydeleggingsvåpen. Han nektar straffskuld på alle 30 tiltalepunkt.

Kan ta fire månader

Mellom 80 og 100 personar er stemna som vitne i rettssaka som kan ta opp mot fire månader.

– Uansett om det gjeld eit angrep mot eit maraton eller om det gjeld anna brotsverk av same kaliber, så skal det behandlast likt. Eg reknar med at han får straffa han fortener, seier Ringheim.

Tok ikkje lysta frå springinga

Bombeangrepet har ikkje lagt noko dempar på Ringheim si maratondeltaking.

– Snarare tvert i mot. Eg trur dette var samlande for heile maratonmiljøet, seier ho og truleg har mykje rett i det. Angrepet 15. april 2013 gjorde at arrangementet i fjor dobla tal tryggleiksvakter, medan 36.000 deltakarar – ein auke på 9.000 – stilte til start.

– No skal eg til New York, med same reisemakker som då eksplosjonane skjedde. Vi må ha ein tur saman for å kompensere for det triste vi opplevde, seier ho.