Hopp til innhold

Kom i mål 50 minutt før det small

Tre personar er stadfesta omkomne, medan over 100 er skadde etter kraftige eksplosjonar i målområdet under Boston Maraton. Teatersjef Terje Lyngstad var i området kort tid før.

Terje Lyngstad gjekk i mål kort tid før dei to eksplosjonane i målområdet ved Boston Maraton

LIKE VED: Terje Lyngstad smilte breitt etter målgang i Boston maraton. Kort tid seinare small det to gonger i målområdet, og no er situasjonen svært uavklart og dramatisk.

Foto: Montasje: Privat/Charles Krupa/Ap

– Eg var på veg tilbake til hotellet frå målområdet, og bombene small utan at vi høyrde det, seier Lyngstad til NRK.no.

Då Lyngstad kryssa målstreken var det med eit brett smil. Men berre kort tid etterpå blir folkefesten til eit mareritt.

50 minutt etter at Lyngstad gjekk i mål skaka to kraftige eksplosjonar målområdet. Dette skjedde berre sju minuttar etter at Lyngstad hadde reist derfrå.

NBCNews melder at eksplosjonane var resultat av to heimelaga bomber, med ved 23-tida måndag kveld har politiet ikkje ville stadfeste dette.

To personar er allereie stadfesta døde og 23 personar er skadde. Ubekrefta meldingar går på at det kan vere så mange som hundre skadde. Lyngstad sjølv er i god behald. Han vart ikkje merksam på det som hadde skjedd før han var tilbake på hotellet og seg det på tv.

Ifølgje lokalavisa Boston Globe er det funne to andre ekplosiver i området, og det kom kort tid før 23-tida melding om ein ny eksplosjon i eit bibliotek.

(Artikkelen held fram under biletet)

Eksplosjoner i Boston

MANGE SKADDE: Målområdet vart brått fullt av skadde menneske etter dei to eksplosjonane.

Foto: David L. Ryan / Ap

– Ubehageleg

Lyngstad som er ein av 30 nordmenn som var påmelde i løpet har halde seg på hotellet i tida etter eksplosjonane.

– Det er ubehageleg. No er det fullt av politi med skotsikre vestar og bombehundar i området, fortel han til NRK.

Han forlét målområdet berre kort tid før eksplosjonane fann stad, men var til alt hell ikkje der då det small.

UD melder at dei førebels ikkje har fått meldingar om nordmenn som er blitt skadd.

– Dette er ei veldig skremmande oppleving, seier Lyngstad.

Ber folk halde seg inne

Politiet ber folk om å halde seg i ro innandørs, og det blir opplyst at ein leitar etter fleire bomber i området. Dei har auka beredskapen og ber folk om å halde seg unna søppeldunkar og parkerte bilar.

Ved 23-tida er Lyngstad framleis på hotellet sitt, berre nokre kvartal unna målområdet.

– Det er mange folk her, og ein del løparar som er klare til å reise heim. Mange står og er usikre på kva som skjer. Det er mange brannbilar, politi og ambulansar som trålar gatene her med sirene.

– Stemninga er uroleg akkurat no, fortel Lyngstad til NRK.no som seier vil halde seg til råd og opplysningar frå lokale styresmakter.

Følg saka på NRK.no sine nettsider her.