Hopp til innhold

– Om folk vil ha gode billettar, må dei faktisk skunde seg litt, for det byrjar fylle seg opp

Med stigande sjølvtillit etter sigeren mot Haugesund tek Sogndal mot trønderklubben Rosenborg til 1. mai-kamp. Og tradisjon tru er det duka for fotballfest, lovar vertane.

Geir Inge Heggestad

FOTBALLFEST: Geir Inge Heggestad i Sogndal Fotball seier alt ligg til rette for fotballfest på Fosshaugane Campus. Rosenborg gjestar saftbygda, og blir tekne imot av eit heimelag med stigande sjølvtillit.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

–- Det blir fotballfest i Sogndal i morgon. Vi gler oss, seier ein sprudlande arrangementsansvarleg i Sogndal Fotball, Geir Inge Heggestad dagen før dagen.

Medan vêrgudane lovar delvis sol og rundt åtte grader, går fotballklubben i saftbygda langt i å love fotballfest for alle pengane torsdag kveld.

Klokka 19 er det avspark mot Rosenborg på Fosshaugane, og med 3–0 siger over Haugesund friskt i minne trur Heggestad mange vil ha med seg oppgjeret.

– Vi fekk oss ein etterlengta opptur mot Haugesund, og det gjer at det er venta mykje folk på kampen i morgon, seier han.

Vil sjå eit lag som torer

For det er noko med det, når fotballaget du held med gjer det godt, er det ein tendens til at fleire vil ha med seg kampane. Søndag vann Sogndal 3–0 over Haugesund borte, og det fell naturleg nok i god jord hos supporterane.

Også NRK sin Sogndal-ekspert, Jon Navarsete, har trua på at Sogndal kjem til å vise seg frå si beste side i morgon.

– Det har vore ei sesongopning prega av litt motgang og billige baklengsmål, men så slo Sogndal tilbake mot Haugesund og viste seg på det nivået vi trudde dei var på etter dei mange gode treningskampane, seier Navarsete.

– Eg håpar trenden vart snudd med kampen mot Haugesund, og at vi i morgon får sjå eit Sogndal som angrip, og som torer på heimebane.

(Artikkelen held fram under biletet)

Fosshaugane Campus

SIGER TIL HEIMELAGET: Er det både Heggestad og Sogndal-ekspert Jon Navarsete håpar på før kampen mot trønderane.

Foto: Arve Uglum / NRK

– Kan snu på mykje

Men også Navarsete ser at det er eit poeng at ein trend ikkje alltid er snudd med ein god kamp. Likevel, han har trua på at noko godt er i emning.

Jon Navarsete

TRUR PÅ SIGER: Jon Navarsete trur Sogndal tek poeng når Rosenborg gjestar Fosshaugane i morgon kveld.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Med den opninga Sogndal fekk mot Stabæk, så øydela det litt oppe i hovudet på spelarane. Deretter følgde nokre nedturar, og det er rart med det, men ein opptur som den mot Haugesund kan snu på mykje, seier Navarsete.

– Frå å vere eit defensivt organisert og prega lag, trur eg vi får sjå Sogndal slik dei hadde tenkt å spele i år, med ein 3-5-2 – formasjon.

Trur rundt 4000 vil fylle tribunane

Og uansett kva formasjon Sogndal legg seg på i morgon, så er det mange tusen som skal følgje med på kvart eit spark.

Arrangementsansvarleg Geir Inge Heggestad i Sogndal Fotball fortel onsdag ettermiddag om rundt 3000 førehandsselte billettar til kampen mot Rosenborg.

– Billettsalet går veldig bra, og eg tippar vi hamnar på rundt 4000 tilskodarar totalt. Det er vi eigentleg veldig godt nøgde med, seier han.

– Om folk vil ha gode billettar, må dei faktisk skunde seg litt, for det byrjar fylle seg opp.

– 2–1 til Sogndal

Ifølgje Heggestad er det venta eit par hundre Rosenborg-supporterar, og alt ligg til rette for god stemning på campus.

– Det er to spennande lag, så det er berre for heile fylket å kome seg til stadion å sjå fotball, er oppmodinga frå Heggestad.

Både han og Navarsete har trua på poeng til Sogndal.

– Eg håpar på poeng og har faktisk god trua på det, seier Navarsete.

– Eg er dårleg på å tippe, men eg trur det blir 2–1 til Sogndal, seier Heggestad.