Hopp til innhold

Trude følgde draumen og flytta mot straumen

SOLUND/FØRDE (NRK): Trude Søilen drøymde om eit liv utan nære naboar, bytrafikk og ein gard langt frå folk. Det er ho ikkje åleine om.

(Der ingen skulle tru at nokon kunne bu) Norsk dokumentarserie. Snart er bilveien til Tangeneset i Solund kommune ferdig. Livet skal forandres for alltid for Pål Ryland, Trude Søilen og de tre døtrene Sunniva, Ingeborg og Oda. De gleder seg, men etter hvert som veien kommer nærmere, merker de en viss bismak. Livet på verdens ende var nemlig ikke så ille som bergensfamilien trodde.

SAKNAR IKKJE BYEN: Trude Søilen har ingen daglege behov for cafékultur og bytrafikk. Ho vil heller bu der ingen skulle tru, og fekk med seg mann og barn til Tangenes i Solund.

For fire år sidan pakka ho og mannen Pål i hop alt dei hadde i Bergen, og sette kursen for den veglause garden på Tangenes i Solund. Lengst vest i Norge skulle dei få oppfylt draumen om eit liv på landet.

– Eg er utdanna agronom og har alltid hatt lyst til å drive gard. Så fekk vi ungar og tida gjekk, samstundes som vi leita etter ein gard i Nordhordland i fleire år før vi slo til på Tangenes i Solund, seier Trude.

Den veglause garden dei fann ligg i Solund kommune, som er ein av landets minste kommunar med berre 785 innbyggjarar.

Dei er i ein motstraum

Men sjølv om Trude og familien valde å flytte frå storbyen, så er dei slett ikkje åleine om det. Storbyane opplever stadig større tilflytting, men mange dreg også andre vegen, fortel forskar ved Statistisk sentralbyrå, Lars Østby.

– Til kvar ein stor flyttestraum inn mot sentrale strok, så opplever vi alltid ein tilsvarande motstraum, seier Østby til NRK.

Lars Østby

FLYTTEFORSKAR: Lars Østby (SSB).

Foto: Erlend Aas / NTB Scanpix

Det forskarane ser er at flyttestraumane i all hovudsak går frå landbruksområde til urbane område og frå spreiddbygd til tettbygd.

– Byane og dei bynære områda har netto innflytting. Flyttestraumane går i alle retningar, seier Østby.

Bur i naturen

For Trude Søilen og familien handla det mykje om verdiar. Dei ville bu i pakt med naturen, utan nære naboar og i stor grad måtte klare seg sjølve.

– Det er jo ikkje alle som har lyst til å bu på ein slik måte og ha det såpass tungvint. Nokon tykkjer jo det er herleg å ha butikken like i nærleiken. Det kjem heilt an på kva ein ønskjer seg, seier Trude.

Trude Søilen og familien

VALDE EIT NYTT LIV: Pål Ryland, Trude Søilen og dei tre døtrene Sunniva, Ingeborg og Oda flytta frå Bergen til veglause Tangenes i Solund.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Gamal forsking blir ny viten

Og det gjev forskar Lars Østby ho heilt rett i, med ei grunngjeving som går heilt tilbake til 1885 og arbeidet til den tysk-britiske statsvitaren Ernest George Ravenstein (1834–1913).

Ravenstein peika mellom anna på følgjande:

  • Kvar ein flyttestraum skapar ein tilsvarande straum i motsett retning
  • Folk fødd i byar flyttar meir enn folk frå landsbygda
  • Kvinner flyttar meir enn menn

Kunne ha reist heim

Søndag 25. oktober møter ein Trude, mannen Pål og dei tre borna i første episoden av den nye sesongen av Der ingen skulle tru at nokon kunne bu.

Trude Søilen si forklaring på at det går an å busetje seg på ein stad som Tangenes handlar mykje om viljen til å gjere det ein drøymer om.

– Det treng ikkje å vere eit så stort steg. Vi kunne jo ha reist heim om det ikkje fungerte, slår ho fast.