Hopp til innhold

Trøblete start på helga for vegfarande

E16 over Filefjell og riksveg 15 over Strynefjellet er fredag føremiddag dei to einaste fjellovergangane inn og ut av Sogn og Fjordane som er opne for fri ferdsle. Også her er det vanskelege køyreforhold.

Vikafjellet 11. desember 2015 klokka 05

STENGD FOR TRAFIKK: Når ein ser korleis det ser ut på Statens vegvesen sitt webkamera på Vikafjellet er det kanskje ikkje så rart at vegen er stengd for vanleg trafikk.

Foto: Statens vegvesen/webkamera

Torsdag var det store problem på fjellovergangane på grunn av dårleg vêr. På fleire av overgangane var vêret så ille at vegane var stengde heile dagen. Fredag morgon held problema fram.

Riksveg 13 over Vikafjellet har vore stengd sidan onsdag kveld, og var ikkje open i det heile teke torsdag. Her er vegen framleis stengd fredag morgon.

– Det blir ei ny vurdering med tanke på eventuell opning her klokka 14 i dag. Men det er mykje snø og mykje oppryddingsarbeid før ein kan tenkje på ei opning, seier Jan Erikstad ved Vegtrafikksentralen i 06.30-tida.

Stengt er det også på Årdal-Tyin, medan det er kolonnekøyring på Hol-Aurland og Hemsedalsfjellet.

– Vanskelege forhold

På E16 over Filefjell melder Statens vegvesen om vanskelege køyreforhold med redusert sikt fleire stader.

– Det er vanskelege forhold i fjellet, så det er ikkje den beste dagen å ferdast i fjellet, seier Erikstad.

Ifølgje vêrmeldingane skal vinden løye utover dagen, men det vil framleis kome nedbør.

– Vi håpar det går seg til, seier Erikstad om utsiktene for opning på dei stengde fjellovergangane.

Seint i går kveld bad Vegtrafikksentralen folk om å tenkje seg godt om før dei la ut på lange turar over fjellovergangane.

Slik er stoda over fjella klokka 10:

  • E16 Filefjell – har vore stengd mellom klokka 08 og ca. klokka 10 på grunn av bilberging. Snø- og isdekke, vanskelege køyreforhold, redusert sikt somme stader. Store køyretøy blir anbefalt å bruke kjetting.
  • Riksveg 13 Vikafjellet – framleis stengd på grunn av uvêr. Ny vurdering klokka 14.
  • Riksveg 15 Strynefjellet – snø- og isdekke, fare for glatte parti, redusert sikt.
  • Riksveg 52 Hemsedalsfjellet – kolonnekøyring på grunn av uvêr
  • Fylkesveg 50 Hol-Aurland – kolonnekøyring på grunn av oppryddingsarbeid
  • Fylkesveg 52 Årdal-Tyin – stengd grunna uvêr. Ny vurdering klokka 12.