Hopp til innhold

Kraftig vind og snøfall skaper problem i fjellet

Over heile fylket har folk merka ruskevêret torsdag. I fjellet er vêret så dårleg at fleire overgangar må halde stengt.

Webkamera Aurland-Hol

RUSKETE: Slik såg det ut på fylkesveg 50 Hol-Aurland klokka 14.25.

Foto: vegvesen.no

Sogn og Fjordane vakna til eit piskande regnvêr torsdag morgon. På fleire av fjellovergangane inn og ut av Sogn og Fjordane er brøytemannskapa dei einaste som får ferdast.

  • Riksveg 13 over Vikafjellet har vore stengd på grunn av uvêr sidan 21.30-tida onsdag kveld og blir ikkje opna att før tidlegast fredag.
  • Fylkesveg 53 mellom Årdal og Tyin vart stengd av same grunn i 06.30-tida og blir heller ikkje opna att i dag.
  • Fylkesveg 50 over Hol- Aurland har hatt kolonnekøyring frå klokka 10.
  • Riksveg 52 over Hemsedalsfjellet er frå klokka 13.26 stengd på grunn av bilberging. Opna att klokka 14.58, men få minutt seinare vart det innført kolonnekøyring.
  • Riksveg 15 over Strynefjellet har kolonnekøyring frå klokka 13.34.
  • E16 over Filefjellet er open med unnatak av korte stengingar pga vegarbeid. Det er vanskelege køyretilhøve, og store køyretøy blir bedne om å bruke kjetting.

Vakthavande Jan Erikstad på Vegtrafikksentralen sa torsdag morgon at det i morgontimane regnar også på fjellet, og at dette saman med den kraftige vinden skaper problem for dei vegfarande.

Innbyr ikkje til kosetur

Seinare har temperaturen på høgfjellet falle under null, og nedbøren kjem som snø. Med liten kuling på Hemsedalsfjellet innbyr ikkje det til nokon kosetur.

Vakthavande Arne Stadheim sa klokka 14.20 at han rekna med at riksveg 52 over Hemsedalsfjellet snart blir opna etter bilberging, men at tilhøva er slik at det kan bli innført kolonnekøyring på kort varsel.

På vegane i låglandet er det stort sett greie køyretilhøve, seier Stadheim.

Regn, hagl og kraftig vind

Og det blir ruskevêr i heile dag, kan statsmeteorolog Arnstein Kjøstheim ved Vêrvarslinga på Vestlandet stadfeste.

– Det har gått eit kraftig lågtrykk inn sør i Norskehavet. Det gir ein kraftig sørvestleg luftstraum innover fylket med ustabile luftmassar. Det blir regn- og haglbyer og det er utrygt for torevêr, seier meteorologen.

Han seier det blir kaldare utover dagen, og at snøgrensa som torsdag morgon ligg på vel 600 meter vil gå gradvis nedover til vel 300–400 meter til kvelden.

– Vinden er kraftig. Det er venta sterk kuling til liten storm, og ved Stad opp til full storm.

Hald deg oppdatert på trafikken på NRK.no/trafikk og hos Vegvesenet