Hopp til innhold

Livsviktig naudsamband virka ikkje då stormen herja som verst

Då stormen herja som verst denne veka, hadde bilistar ingen sjanse til å melde frå om ulukker på vêrutsette Strynefjellet. Straumen gjekk, mobilnettet virka ikkje og naudnettet slutta å fungere.

Strynefjellet stengd 1. juledag

VEIT IKKJE ÅRSAKA: Statens vegvesen er i gang med å finne ut kva som skjedde då straum, mobilnett og naudstasjonane vart nede natt til torsdag.

Foto: Silje Guddal / NRK

Bilistar hadde ingen sjansar til å melde frå om eventuelle ulukker då fjellovergangen vart sett ut av spel natt til torsdag. Strynefjellstunnelane og Hjelletunnelen vart stengde og kunne ikkje opne att før mannskap var på plass for å overvake trafikken torsdag morgon.

Hos Vegvesenet veit dei ikkje kva som førte til samanbrotet i kommunikasjonen.

– Vi har ikkje funne ut kva som gjorde at naudstasjonane datt ned, seier Lars Erik Karlsen i Statens vegvesen.

– Uakseptabelt

Hauststormen som trefte Vestlandet førte til skadar på linjenettet, men likevel; – Slikt skal ikkje skje, meiner dagleg leiar i transportselskapet Thor Tenden Transport i Stryn, Rolf Olav Tenden.

– Det var jo ekstremvêr, men at naudnettet i ein tunnel skal bryte saman synest eg er uakseptabelt. Det er trass alt sikkerheita det går på, seier Tenden.

Rolf Olav Tenden

KØYRDE OM ÅNDALSNES: Tenden sender mange sjåførar og trailerar over fjellet dagleg. Fleire av dei fekk ein lengre veg heim då meldinga om stengt fjell kom.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Kva kunne konsekvensane blitt om det hadde skjedd ei ulukke for dei fekk stengt tunnelane?

– Det seier seg sjølv at det ikkje hadde vore mogeleg å få kontakt. No har vi vore veldig heldige dei siste åra. Vi har ikkje hatt store ulukker der, men det er smale og dårlege tunnelar. Vi som køyrer der fast er veldig observante, men vi møter folk som ikkje er kjende og vane med å køyre i låge og smale og då oppstår faren for møteulukker.

Tenden håpar styresmaktene no set inn tiltak for å betre naudnettet i Strynefjellstunnelane.

– Vi veit det har kome signal om ny tunnel, men det vil gå både 10 og 20 år før den vert bygt. I mellomtida må vi sikre dagens tunnelar.

Uheldig at slikt skjer

Tryggleiken og standarden på Strynefjellstunnelane er eit tilbakevendande tema. Det er uheldig at slike ting skjer, meiner fylkesberedskapssjef Haavard Stensvand.

– Det er ikkje bra at dette skjer, spesielt ikkje i Strynefjellstunnelane der ulukkesrisikoen er større. Men Statens vegvesen har planar for korleis dei skal handtere slike situasjonar, og difor valde dei å stengje vegen av omsyn til tryggleiken.

– Kva vil du seie til dei som er uroa for tryggleiken i tunnelane på Strynefjellet?

– Det skal ikkje skje ulukker, men det kan likevel skje. Og då er det viktig at det er etablert rutinar som syter for at vegen vert stengd. Eg veit og at vegvesenet alt har starta arbeidet med å finne ut årsaka til feilen, slik at dei kan gjennomføre tiltak for å hindre tilsvarande hendingar i framtida, seier Stensvdand.