Hopp til innhold

Håpar kurs i jervejakt gir resultat i vinter

Norges Jeger- og Fiskeforbund håpar den gode deltakinga på jervejaktkurset i Sogn sist veke skal føre til at jervejakta i vinter lukkast betre.

Jerv

KURS: Tretti personar deltok sist veke på eit kurs om jervejakt i Lærdal. Håpet frå arrangøren si side er at fleire skal lukkast med lisensjakta.

Foto: BBC

Lisensjakt på jerv er svært vanskeleg, og i Sogn og Fjordane er det berre skote sju jervar under ordinær jakt dei siste femten åra. I same periode er 54 dyr tekne ut under såkalla ekstraordinære uttak.

Norges Jeger- og Fiskeforbund vil ha fleire til å jakte jerv, og hadde sist veke motivasjonskurs for jervejegerar i Lærdal. Tretti personar møtte opp, og no er håpet at kunnskapen gir utslag i fleire felte jerv i vinter.

– Eg håpar det. Det var ein del jegerar som allereie dreiv med jervejakt, men dei var ute etter nye tips og triks som kan få dei til å lukkast betre, seier fagkonsulent i forbundet, Eivind Lurås.

Vil oppmuntre fleire til å jakte jerv

Eivind Lurås

NØGD: Eivind Lurås i Jeger- og Fiskeforbundet er godt nøgd med oppmøte på kurset.

Foto: Privat

Jerv er eit frykta rovdyr for sauebønder i Sogn og Fjordane. Fjorårssommaren vart skildra som eit mareritt, då hundrevis av sauer vart tekne av jerv. Men jakt på jerv vinterstid er vanskeleg.

Sjølv om Stortinget har sagt at lisensjakt skal vere det viktigaste verkemiddelet for å regulerer bestanden av jerv, har ekstraordinære uttak blitt regelen meir enn unnataket i Sogn og Fjordane. I vår vart det brukt 700.000 kroner på å flyge til fjells for å avlive seks jervar.

Lurås som er fagkonsulent ved Norges Jeger- og Fiskeforbund sitt jakt- og fiskesenter seier dei som organisasjon kjenner litt på ansvaret for å oppmuntre fleire til å jakte jerv.

Lurås er godt nøgd med kurset sist veke.

– Eg trur dei frammøtte synst det var interessant. Ein del kunnskap hadde dei får før, men det kom også fram litt nye ting, seier han.

Trur fleire kurs vil gi resultat på sikt

Arne Rebni Øverås

FLEIRE KURS: Arne Rebni Øverås i Skjolden beitelag trur fleire kurs vil gi stadig meir kurs om jervejakta, og at det på sikt kan gi resultat.

Foto: Privat

Arne Rebni Øverås, leiar i Skjolden beitelag, var ein av dei som deltok. Han driv ikkje med jervejakt sjølv, men som sauebonde var det interessant å få vite meir.

– Det var positivt å høyre at fleire av dei tinga vi allereie gjer, som til dømes å satse på åtejakt, var blant tinga dei hadde fokus på, seier han.

Han torer ikkje å håpe at eitt kurs skal gi handfaste resultat alt i vinter, men trur fleire kurs over tid vil gje resultat på sikt.

– Samtidig kan ikkje vi i Sogn og Fjordane ha overdriven tru på lisensjakt på jerv åleine. Jegerar frå Austlandet seier det er noko heilt anna å drive slik jakt på Vestlandet, på grunn av terrenget, seier beitelagsleiaren som seier ein også i framtida må rekne med ekstraordinære uttak.