Stortinget har bestemt at det er mål om 39 årlege ynglingar av jerv. Ingen av dei skal vere i region 1 på Vestlandet, der områda har beiteprioritet.
Det vil Naturvernforbundet endre på.
– Vi meiner at også Vestlandet bør få ynglemål for jerv. Jerven er ein opphavleg del av vestlandsnaturen og det er rart at region 1 ikkje skal ha ansvar for å bidra til å bevare ein sterkt truga art, som Norge også har eit internasjonalt ansvar for. Det seier Arnodd Håpnes som er fagleiar for naturmangfald i forbundet.
Vil ha sterkare jervestamme i Sørvest-Norge
Jerven blir rekna som eitt av dei fire store rovdyra i Norge. Stortinget har fastsett det nasjonale målet på 39 årlege ungekull av jerv på landsbasis. I vår viste tal frå Miljødirektoratet at det var fødd 65 ungekull. Etter fleire ekstraordinære hiuttak var det før beitesesongen 48 attlevande ungekull.
Naturvernforbundet meiner bestandsmålet i seg sjølv er for lågt. Dei meiner jerven også må få yngle i fylka Sogn og Fjordane, Hordaland, Rogaland og Vest- Agder.
– Mykje av ynglinga skjer i dag langs grensa til Sverige, nordover mot Finnmark og over på finsk og russisk side. Vi meiner det også bør etablerast ein sterkare jervestamme i Sørvest-Norge, som har ein genetisk distinkt delbestand av jerv.
– Då hadde det vore naturleg at Vest-Norge var ein del av eit yngleområde for den sørvestre genetiske delbestanden, saman med Oppland og Møre og Romsdal, seier Håpnes.
- Les også:
- Les også:
KVAR SIN AGENDA: Marit Flatjord i Sogn og Fjordane Bondelag har forståing for at Naturvernforbundet jobbar med saker dei brenn for, men synest ikkje region 1 på Vestlandet eignar seg for yngling av jerv.
Foto: Ole André Rekkedal / NRK– Då kan vi ikkje drive med sau
Sogn og Fjordane er fylket på Vestlandet der rovdyr gjorde størst skade i fjor sommar, og det vart utbetalt over tre millionar kroner i rovvilterstatning (sjå faktaboks).
Rovviltansvarleg Marit Flatjord i Sogn og Fjordane Bondelag er sterk motstandar av forslaget frå Naturvernforbundet.
– Vi skal brødfø den norske befolkninga, og skal vi få jerv inn i våre område, så kan vi iallfall ikkje drive med sau, seier ho.
Meiner bøndene ser på det for svart-kvitt
MARERITTSOMMAR: Bøndene i Sogn og Fjordane skildra sommaren 2014 som eit mareritt. Det vart då utbetalt rovvilterstatning for nær 1200 sauer.
Foto: Ole Bjarne HovlandDette blir ei for svart-kvitt framstilling, meiner Håpnes i Naturvernforbundet.
– Vi ønskjer eit godt utmarksbeite og ei stabil sauenæring i Vest-Norge, men ei sauenæring som baserer seg på å utrydde ein sterkt truga art i norsk natur kan aldri bli berekraftig, seier Håpnes og legg til:
– Vi kan akseptere skadefelling av jerv når den gjer stor skade.
Flatjord i Bondelaget ser ingen grunn til å la jerven yngle i region 1.
– All erfaring frå Austlandet viser at sau og jerv ikkje går i hop.
– Men er ikkje fjellheimen på Vestlandet stor nok til at det kan vere jerv der?
– Tapa vi hadde i vårt fylke i fjor sommar, då ein ikkje tok ut jerv den vinteren, viser at dette ikkje går i hop.
- Les også:
- Les også: