Treng du inspirasjon til noko godt til helga?

Matinspirasjonen forsvinn ofte i takt med at sola skin og temperaturane stig, men radiokokken Steinar Lindstrøm kan freiste med litt av kvart.

Radiokokk

MED SMAK AV SOMMAR: Radiokokken til NRK Sogn og Fjordane kan freiste med både brennesle, rabarbra og sjokolade i sine oppskrifter med råvarer frå Luster i Sogn.

Foto: Stian Sjursen Takle / NRK

Under ettermiddagssendinga frå Marifjøra i Sogn torsdag, delte radiokokken Steinar Lindstrøm fleire oppskrifter med både søtt og salt.

Til oppskriftene har Lindstrøm henta inspirasjon i sesongens skattekammer med råvarer frå Luster i Sogn. Om du treng inspirasjon til noko godt til helga, så kan desse oppskriftene vere til hjelp.

Brennesle til middag

Ein fin middagsrett til ein varm sommardag er suppe av brennesle. No på våren og tidleg om sommaren er brennesla på sitt aller beste, med nye grøne friske blad. Fleire forbind ofte brennesle med stikke og kløe, men smaken vil gjerne overraske.

Suppe av brennesle:

100–150 gram brennesle

1 liter kjøtkraft

2 dl creme fraiche

50 gram smør

40 gram kveitemjøl

Smak til med muskat, salt og pepar

Kok blada i lettsalta vatn i eit par minutt. Slå av kokevatnet og blada i ein blender eller stavmiksar. Ha mjøl og smør i ei panne og fres til det blir kvitt. Spe med kjøtkrafta og ha i brenneslene. Kok suppa i rundt 20 minutt. Smak til med salt, pepar og muskat. Tilsett creme fraische rett før servering. Legg eit halvt egg i kvar suppeskål.

Brennesle

GRØN OG FRISK: Suppe av brennesle vil truleg overraske gjestane dine om du serverer denne i helga.

Foto: Stian Sjursen Takle / NRK

Sjokolade og rabarbra til dessert

Etter brenneslesuppa kan radiokokk Lindstrøm freiste med både søtt og litt surt. Dette er oppskrifta på kokken sin sjokoladefondat.

Sjokoladefondant:

220 gram mørk sjokolade

200 gram usalta smør

160 gram sukker

90 gram kveitemjøl

4 heile egg

4 eggeplommer

Pisk egg og eggeplommer lett i lag med sukker. Smelt sjokoladen forsiktig i vassbad og bland saman med smelta smør

Mjøl rørast forsiktig inn til slutt.

Ha røra i små former, som gjerne er smurte med litt smør og strødde med kakao. Steik fondantane på 210 grader i 4–5 minutt.

Rabarbra

LITT SURT, MEN MEST SØTT: Om du treng noko søtt til helga kan sjokoladefondat med rabarbrakompott vere til inspirasjon.

Foto: Stian Sjursen Takle / NRK

Rabarbra er ein av ingrediensane som er henta rett ut frå ein varm sommardag. Dette er oppskrifta til Lindstrøm på rabarbrakompott.

Rabarbrakompott:

300 gram rabarbra

3 dl vatn

1 dl solbærsirup (ikkje utblanda)

4 stk. stjerneanis

1 stk. kanelbark

1 stk. vaniljestong

50 gram sukker

Skrell og skjær rabarbraen i fine stykke og ha det i kokande krydderlake. Då skal det ikkje koke meir. Ta rabarbraen opp frå laken. Jamn laken med maisen og ta rabarbraen opp att i blandinga. Smak til med sukker.

Regjeringa vil ha større konkurranse i landbruket, men bøndene på Vestlandet er skeptiske.
Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.