Hopp til innhold

Vil ha nytt rekkverk for å sikre vegen - men politikarane manglar nær 200 millionar

Nær 200 kilometer med fylkesvegar i Sogn og Fjordane manglar godt rekkverk for å sikre bilistane. På Torheim i Eid fryktar innbyggjarane at liv kan gå tapt.

Jarle og Sverre Olav Torheim.

KREV AT NOKO SKJE: Jarle Torheim og Sverre Olav Torheim krev at noko blir gjort for å sikre fylkesvegen til Torheim i Eid betre.

Foto: Øystein Torheim

– Dette er ei livsfarleg strekning, seier Jarle Torheim.

Han og dei andre som brukar Torheimsvegen i Eid er uroa over at vegen manglar skikkeleg autovern.

– Det er brådjupt i fjorden her, og eg kan ikkje forstå at det skal koste all verda å setje opp eit autovern her, sukkar Torheim.

Treng 200 millionar – berre her i fylket

Og vegen er slett ikkje den einaste. Kvar einaste dag må folk over heile Sogn og Fjordane køyre langs smale vegar som manglar skikkeleg autovern.

Statens vegvesen meiner grovt rekna at mellom 150 og 200 kilometer med fylkesvegar treng betre rekkverk, og det berre i Sogn og Fjordane.

Skal ein setje opp rekkverk vil det koste, prislappen er sagt å vere mellom 150 og 200 millionar kroner. Men i 2014 har fylkeskommunen berre fem millionar kroner til nye rekkverk, i tillegg kjem fem millionar kroner til vedlikehald av gamle.

Fungerande seksjonsleiar i Vegvesenet, Ole Martin Lilleby, seier behovet er mykje større.

– Dei fleste ulukkene vi har er utforkøyringar, så det å ha gode rekkverk betyr mykje, seier Lilleby til NRK.no.

(Artikkelen held fram under)

Bilen blir berga opp frå fjorden ved Torheim.

KLEIV OVER: Bilen til Sverre Olav Torheim kleiv lett over denne kanten og ut i fjorden. Bygdefolket i Torheim krev sikrare autovern på fylkesvegen.

Foto: Øystein Torheim

Kleiv over kanten og ut i fjorden

For vel eit år sidan hang livet til Sverre Olav Torheim (69) i ein tynn tråd. Han hadde vore på Nordfjordeid for å handle julegåver, og på veg heimover til bygda Torheim miste han kontrollen langs fjorden.

– Eg trefte fjellveggen slik at frontruta eksploderte. Eg såg ingenting, og la sikkert pickupen for hardt over mot høgre. Med det låge autovernet kleiv hjula lett over, fortel han om den dramatiske hendinga.

Bilen enda på minst seks meters djupne, og på eit eller anna vis kom han seg ut den knuste frontruta og til overflata. I fjæresteinane svikta beina og han vart liggande rope på hjelp.

Til alt hell fatta naboen Jarle Torheim mistanke då han såg eit hjul i vegkanten. Han og ein annan nabo som kom til oppdaga Sverre Olav i fjæresteinane og fekk tilkalla hjelp.

Fryktar det skal gå verre neste gong

Men utan eit skikkeleg rekkverk fryktar bygdefolket at det kan gå langt verre neste gong.

– Når vi ikkje får utbetre vegen, meiner vi det minste vi kan forlange er at vi får skikkeleg autovern på ei såpass farleg strekning som dette, seier Jarle Torheim og får støtte frå sambygdingane.

(Artikkelen held fram under biletet)

Sverre Olav Torheim og Jarle Torheim vil ha autovern på vegen til bygda

UROA: Sverre Olav Torheim og Jarle Torheim er uroa for at liv kan gå tapt langs den smale fylkesvegen.

Foto: Øystein Torheim

Har ikkje pengar

Velaug Veum og Arnstein Menes

MANGLAR PENGAR: Seier Arnstein Menes i samferdsleutvalet.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Men trass i at nye rekkverk kan berge liv, leiaren i samferdsleutvalet på fylkestinget kan ikkje love noko.

Arnstein Menes (Sp) seier dei rett og slett ikkje finn pengar i budsjettet.

– Situasjonen i forhold til drift og vedlikehald av fylkesvegane er veldig vanskeleg for oss, vi har for lite pengar til begge deler, seier Menes.

Han seier trafikktryggleik er eit tema som ofte er oppe i samferdsleutvalet, og som dei har fokus på. Men det nyttar lite når det skortar på pengane.

– Det er ein vanskeleg situasjon. Vi jobbar med å snu på midlane og prøvar utnytte dei så godt vi kan. Vi skulle veldig gjerne hatt meir pengar til samferdsle, seier Sp-politikaren.

Han seier han vil jobbe for at fylkesvegen til Torheim skal bli sikra med betre rekkverk i løpet av dei næraste åra.