Hopp til innhold

KrF uroleg for vegstandarden

KrF i Sogn og Fjordane ser med stor uro på utviklinga til fylkesvegnettet i Sogn og Fjordane.

Norunn Lunde Furnes

UROLEGE: Fylkesleiar Norunn Lunde og partifellene i KrF er urolege for det store vedlikehaldsbehovet for vegane i fylket.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Under årsmøtet vedtok fylkespartiet ein resolusjon der dei krev meir pengar til samferdsla.

Stort etterslep

Fylkeskommunen tok i 2010 over ansvaret 1.132 kilometer riksveg frå staten. No viser det seg at desse vegane har eit stort etterslep på vedlikehaldet.

Nils Magne Slinde, Statens vegvesen region Vest

DIREKTØR: Nils Magne Slinde.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Ei kartlegging gjort av Statens vegvesen viser at vegane treng opprusting for fire milliardar kroner . I tillegg kjem naudsynte investeringar til rassikring.

– Vi har over fleire tiår latt vegnettet vårt forfalle. Vi har brukt for lite pengar på vedlikehald på både riks- og fylkesvegane, vedgjekk avdelingsdirektør Nils Magne Slinde i Statens vegvesen region vest.

Krev styrking

Avdelingsdirektøren var klar på at det bør komme ei statleg tilskotsordning for vedlikehald av fylkesvegane, på same måte som rassikring får tilskot.

No krev Kristeleg folkeparti i fylket ei stor statleg styrking av vedlikehaldet på fylkesvegnettet, og auke i investeringsmidlar.

– Somme stader er vegnettet svært nedslite og det er grunn til å tru at det dermed kan føre til farlege situasjonar og ulukker, seier partiet i resolusjonen som blir sendt Transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget og partiet si stortingsgruppe.

Fryktar stenging

Årsmøtet viser til at vedlikehaldsetterslepet kjem særleg fram når det gjeld tunnelar, kaier og bruer.

– Somme stader står ein overfor å stenge vegen dersom tunnelane ikkje vert rusta opp, skriv partiet og avsluttar:

– Dessutan er det trong for betydeleg meir midlar til investering i nye vegar for å binde saman og skape større bu og arbeidsområde, samt gjere det enklare for næringslivet i fylket.