NRK Meny
Normal

Trenar styrke for å kunne bu heime lengre

FJÆRLAND (NRK): I Sogn får dei eldre tilbod om styrketrening som skal hindre at ein må tidleg på institusjon. Pensjonistane har trua på prosjektet og seier dei er blitt sterkare og har meir overskot.

Trening for eldre

MED STRIKK: Dag André Mo instruerer dei eldre, som trenar styrke med strikk og andre ting som ein skal kunne utføre sjølv heime.

Foto: Marte Iren Noreng Trøen / NRK

– Dette er veldig fint. Når eg puslar med ting i hagen no er eg meir gira på å ta i litt, seier Claus Kvamme.

Han stiller på trening på omsorgssenteret på Fjærland så ofte han kan og har berre sidan august i fjor merka at han har blitt mykje sprekare.

Claus Kvamme

STERKARE: Claus Kvamme seier han er blitt sterkare av å vere med på treningane på Fjærland.

Foto: Marte Iren Noreng Trøen / NRK

Utsette institusjonalisering

Prosjektet vart starta av Sogndal kommune i samarbeid med Høgskulen på Vestlandet. Om lag 90 pensjonistar på seks ulike plassar i Sogn får besøk av doktorgradsstipendiaten Dag André Mo kvar veke. Han har sett seg som mål å finne ut om styrketrening kan gjere at dei eldre kan bu heime og greie seg sjølv lengre.

Olav Reinen er mest oppteken av maten

ERTESUPPE: Etter treninga i Fjærland blir det servert suppe, og Olav Reinen seier maten er vel så god motivasjon for å komme på trening som sjølve treninga.

Foto: Marte Iren Noreng Trøen / NRK

– Vi veit at det kjem ei eldrebølge no, og vi må ta grep. Ikkje minst på grunn av dei sosioøkonomiske kostnadane det er å ha folk på institusjon, seier Mo.

Han har god hjelp av den 81 år gamle instruktøren Kjell Helge Nielsen, som sjølv har drive eit treningstilbod for dei eldre i Fjærland i fleire år. Nielsen serverer også middag og dessert etter kvar trening.

– Eg har eit ønske om å hjelpe andre. Eg meiner ein skal ha det litt gøy og sosialt her dei siste åra ein har igjen, for å seie det litt banalt, seier han.

Kjell Helge Nielsen trener

TUNGT: Kjell Helge Nielsen likar sjølv å trene og har drive eit treningstilbod for dei eldre på Fjærland lenge.

Foto: Marte Iren Noreng Trøen / NRK

Merkar framgang

For å kunne delta må ein vere over 70 år og ta imot heimehjelp. Dette for at gruppene skal vere mest mogleg like og at ein skal kunne få ei god oversikt over framgangen. Dag André Mo skal bruke til saman tre år på prosjektet og forskinga, men seier at ein allereie ser at deltakarane har hatt ei utvikling.

Gjertrud Haugen

VAR LAM: På grunn av eit slag var Gjertrud Haugen så å seie lam i den eine armen. Ho takkar treninga for at ho har fått tilbake funksjonen i armen no.

Foto: Marte Iren Noreng Trøen / NRK

– Tilbakemeldingane frå dei eldre er at dei har kjent seg sterkare, meir opplagde og at ting i kvardagen går lettare. Så det har vore ein progresjon heile vegen, seier han.

Deltakarane blir jamleg testa og fleire av dei meiner at dei er blitt sprekare og dei har stor tru på at dei vil kunne bu lengre heime.

– Eg var lam i den eine armen, men no kan eg halde i eit glas eller ein kaffikopp utan å søle. Og det er nok på grunn av treninga, seier Gjertrud Haugen.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser