Hopp til innhold

Felte tre nye jervar ved fylkesgrensa

Statens naturoppsyn har avliva tre nye jervar i Luster. Måndag og tysdag vart to tisper og ein hann avliva heilt opp mot grensa til Oppland.

Fellingsleiar Lars Gangås med ein av dei tre jervane

BEDØVD: Fellingsleiar Lars Gangås (SNO) med ein av dei tre jervane som denne veka vart felt i Luster.

Foto: Odd Arne Olderbakk / NRK

Dermed er det felt fem jerv i Sogn i år. Det er det meste sidan sju vaksne og fire kvelpar vart tekne ut i 2009.

Viltforvaltar Rein Arne Golf seier dei tre siste jervane vart felt i område som er kjent for jerveskade.

– Den eine vart felt i Røykjedalen i Jostedalen. Den andre vart felt på Fåbergstølsgrandane og den tredje i Mørkridsdalen. Dette er område ein jamleg registrerer jerveaktivitet gjennom vinteren, seier han.

Spora opp med helikopter

Jervane vart spora opp med helikopter og bedøva av fellingsleiar. Då tispene ikkje hadde mjølk i spenane, vart dei avliva.

– Når forholda er slik som no i fjellet, med laussnø og sporingsforhold, så finn vi spor som vi følgjer til vi kjem i kontakt med jerven, seier Golf.

Det er så langt i år sendt inn 20 prøver frå ekskrement til analyse. Førebels er det identifisert fire ulike dyr. I fjor var det registrert ti jervar. Då vart tre dyr tekne ut.

Løyve på ti jervar

Etter at svært mange sauer vart tekne av jerv i fjor sommar fekk bøndene i Sogn løyve til å ta ut ti dyr. Det blir jakta i Lærdal, Årdal og Luster, samt Stryn i Nordfjord.

Dei to første vart tekne ut ved Fåbergstølsgrandane og Hjelledalen i Årdal i midten av april. Golf seier det er uråd å seie kor mange dyr som er att.

– Vi veit aldri kor mange dyr som er her til ei kvar tid. Dei går over veldig store avstandar, og om vi tek ut dyr no, så kan det komme nye seinare på året, seier han.

Kritiske til uttaket

På landsbasis vart det i fjor registrert 52 jervekull i Noreg. Det er ein oppgang på åtte kull samanlikna med 2013. I Sogn og Fjordane, som saman med Hordaland, Rogaland og Vest-Agder utgjer forvaltningsregion 1, er det bestemt at det ikkje skal vere ynglande jerv. Her har beitande dyr prioritet.

Golf seier det i år ikkje er registrert teikn til yngling i områda som er søkte gjennom i Sogn og Fjordane.

Jerv felt i Sogn

FELT: Så langt er det felt fem jerv i Sogn i april.

Foto: Odd Arne Olderbakk / NRK

Arnodd Håpnes i Naturvernforbundet er ei av fleire kritiske røyster til forvaltninga av jervebestanden.

Til no er det felt nær 90 dyr på landsbasis gjennom vinteren til no.

– Naturvernforbundet understrekar at rovviltregion 1 har eit ansvar for å medverke til at jerv blir sikra langsiktig overleving, sjølv om regionen ikkje har som mål om årlege ynglingar. Verdfulle streifdyr som høyrer til den sørnorske delbestanden må kunne opphalde seg i Sogn og Fjordane utan å måtte skytast, seier Håpnes.

Held fram overvakinga

Golf seier ein vil halde fram å overvake fjellområda i Sogn så lenge det er snø i fjellet.

– Då er det opp til forvaltningsmyndigheitene om dei ynskjer å ta ut fleire dyr eller ikkje i høve til kva vi registrerer. Det er eit forvaltningsspørsmål dei må ta stilling til på bakgrunn av det som blir registrert, seier han.