Hopp til innhold

SNO held fram jakta på jerv

Statens Naturoppsyn avliva to hannjervar i Sogn fredag. Ved betre sporsnø vil jakta fortsette.

Hannjerv felt i Sogn
Foto: SNO-Aurland, rovviltseksjonen

– Det er klart at når vi tar ut to jervar på ein dag er det bra, seier Rein Arne Golf i Statens Naturoppsyn, SNO.

Det har vore ei intens jakt på jerv i dei indre delane av Sogn. I fjor tok rovdyret 850 sauer og lam på beite, og har frykta like store tap til sommaren.

Har løyve på 10 jervar

Bøndene i Sogn har fått løyve til å skyte 10 jervar, men så langt i vinter har jakta frå helikopter vore resultatlaus. Fredag fekk dei endeleg utteljing, skriv Sogn Avis. Då jakta SNO jerv frå helikopter.

Rein-Arne Golf i Statens Naturoppsyn

STATENS NATUROPPSYN: Rein Arne Golf har jakta jerven i fleire kommunar.

Foto: Terje Gilleshammer / NRK

– Det var bra sporsnø i områda jakta føregjekk, seier Golf.

SNO hadde ein jaktleiar som styrte jakta, medan det var mykje folk i terrenget til å følgje spor av jerven.

– Den eine jerven såg vi faktisk i terrenget, det er ganske uvanleg. Så den fekk vi bedøvd. Deretter vart den undersøkt og ettersom det var ein hann-jerv vart den avliva. Vi avliver ikkje tisper med ungar, seier Golf.

Ein hannjerv

BEDØVD: Frå helikopteret blir jerven bedøvd før den blir undersøkt og avliva.

Foto: SNO-Aurland, rovviltseksjonen

Jakta held fram ved betre forhold

Det vart jakta i Lærdal, Årdal, Stryn og Luster. Dei to hannjervane vart avliva ved Fåbergstølsgrandane i Luster og ein i Hjelledalen i Årdal. Dei to vart avliva i 12-tida og i 16-tida.

– Den andre jerven såg vi sporet av og følgde det.

Golf understrekar at SNO har ein jobb å gjere i forhold til å følgje dei retningslinjene direktoratet har gitt for jervebestanden i landet.

Jakta vil halde fram når vêrforholda tillèt det.

– No er det litt for kaldt, og skaresnø. Vi må vente med meir jakt til forholda blir betre, seier Golf.