Hopp til innhold

Nordfjordingar ynskjer å jakte jerv

Sauebøndene i Eid vil ha fellingsløyve på jerv. – Vi har medlemer som er veldig urolege og fortvila fordi dei misser veldig mykje lam, seier Arve Dal, leiar i Eid Sau og Geit.

Jerv

TEK LAM: Den siste tida er det gjort fleire observasjonar av det som kan vere jerv i midtre delar av Nordfjord.

Foto: BBC

Seinast fredag fekk leiar Arve Dal i Eid Sau og Geit melding frå ein som meinte han hadde sett jervespor.

– Det er ikkje tvil om at det er jerv i vårt område. Det trur eg vi har hatt lenge, seier Dal.

Meiner han såg jerv

Torsdag vart det gjort nye funn av spor som tyder på at det går ein jerv i området mellom Stigedalen og Heggjabygda. Og torsdag var Per-Tore Taklo sikker på at det var ein jerv han såg krysse isen i Stigedalen .

– Det var ei stort svart dyr som sprang på ein litt rar måte, ikkje slik som ein ser føre seg at ein rev spring, for å seie det slik, fortalde Per-Tore Taklo frå Nordfjordeid.

I tillegg er gjort observasjonar på Haugen og to observasjonar i Heggjabygda og Heggjadalen. I sistnemnde fann dei for to veker sidan hjort som truleg er teken av jerv.

Vil førebyggje

Rein Arne Golf

MELD IFRÅ: Rein Arne Golf hos Statens naturoppsyn oppmodar alle om å ta bilete og sikre spor etter det ein trur kan vere ein jerv.

Foto: Arve Uglum / NRK

Ein har forsøkt på spore jerven, men grunna skare vart det dårlege sporforhold. Dal meiner ein no bør få løyve til å jakte jerven. Dei siste tre åra har ein hatt uvanlege sauetap i området.

Rein-Arne Golf i Statens naturoppsyn seier det er Miljødirektoratet som avgjer om det blir felling av jerv. Dal har forståing av at Sogn, der det er mest jerveskadar, er ein prioritet.

– Vi ynskjer å førebygge tap. Dersom vi finn spor av jerven, så kunne vi tatt ei jakt på den så vi fekk vekk dyret. Vi må gjere eitt kvart, og ikkje berre vente at det skjer, seier han.