NRK Meny
Normal

Tre bruer mellom Skei og Volda

Trass avgjerda i E39 striden, det kan kome tre bruer mellom Skei og Volda. No startar Volda kommune opp arbeidet med fjordkryssing over Voldsfjorden.

Voldsfjorden

VOLDSFJORDEN: Slik har ingeniørverksemda LMG Marin sett for seg at ei flytebru over Voldsfjorden kan sjå ut.

Foto: NordWest 3D

Trass i at regjeringa bestemte seg for indre linje for E39 Skei-Volda med bru i Stryn, kan det likevel kome ytterlegare to fjordkryssingar. Eid og Gloppen vil ha bru mellom Anda og Lote, no jobbar kommunestyret i Volda også for bru mellom Volda og Folkestad. Får lokale folkevalde viljen sin kan store delar av den midtre linja kome uansett.

Vil bygge ved hjelp av ferjepengar

Ordførar Jørgen Amdam (Ap), seier dei no går inn med 300 000 kroner til eit eige selskap.

Jørgen Amdam

VIL VEKSE: Ordførar i Volda Jørgen Amdam (Ap) trur på vekst om ein får på plass bru.

Foto: Trond Vestre / NRK

– Det er fyrst og fremst interessant å kunne få betre samband mellom nordsida og sørsida i kommunen vår. Det gir også betre kontakt i retning Eid. Det vi er voldsomt opptekne av i Volda er jo at Ørsta/Volda er det reelle senteret både for Søre Sunnmøre og Nordfjord. Vi ser dette som ein del av regionbygging.

Volda kommune gjekk for midtre linje og bru over Voldsfjorden i kampen om E39, men Jørgen Amdam seier kommunen no går fullt inn for indre linje, og at dette ikkje er nokon omkamp.

– Vi går for det som er vedteke, så dette er ikkje nokon omkamp, snarare tvert om.

Bru over Nordfjord

GIGANT: Brua i Stryn vert nærmare 2 km lang.

Foto: Statens vegvesen

– Bruene står godt på eigne bein

Heller ikkje ordførar i Eid, Alfred Bjørlo (V), ser på dei to bruene mellom Gloppen og Volda som nokon omkamp i E39 saka, sjølv om det kan bety tre bruer mellom Skei og Volda.

– Det var jo eit av argumenta for å byge midtre linje. Ein kunne bygge E39 og samstundes avløyse ferjer, og ta den finansieringsbiten som ein del av E39 utbygginga. No blei det ikkje slik, men vi har sagt heile tida at desse prosjekta står knakande godt på eigne bein. Om ikkje staten nær sagt vil utnytte dette for å bygge E39 billegare så køyrer vi sjølvsagt på for å få kryssa desse fjordane, og frigjort dei kostnadane som ferjedrift er i dag.

Lote-Anda spenn

ANDA-LOTE: LMG Marin lanserte for to år sidan ei løysing med sluse for å sleppe dyre bruspenn for store cruiseskip.

Foto: NordWest 3D AS

Eid vil truleg bli invitert inn saman med andre kommunar og næringsliv for å støtte arbeidet med bru.

Alfred Bjørlo

NØGD: Ordførar i Eid Alfred Bjørlo (V) meiner bruene mellom Gloppen og Volda er fullt ut mogleg å finansiere.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Brua vil vere ei radikal betring av kommunikasjonen mellom ytre og midtre delar av Nordfjord opp mot Volda og Ørsta. Reisetida mellom Eid og Volda vil vere under 30 minutt. Samstundes arbeider vi med bru mellom Lote og Anda som knyt Gloppen og Eid saman. Det å kome så tett på ein region med 20000 menneske vil bety mykje for utviklingskrafta i regionen.

Vil invitere inn nabokommunar

I Volda er ordførar Jørgen Amdam spent på kva som vil ligge i nye ferjeavløysingsordningar for riksvegsambanda i framtida. Strekninga skal vere statleg inntil ny indre line for E39 er ferdig.

– Vi må finne ut kva som ligg i ferjeavløysingsordningane framover. Det som no er viktig er å følgje med på prosessane, og sjå kva moglegheiter som byr seg.

Vegopning på Bergum i Førde kommune