Hopp til innhold

Tre bilar i trafikkulukke i Lærdal

Tre personar er skadde etter at tre bilar var involvert i ei trafikkulukke ved Ljøsne i Lærdal.

Ulukke

ULUKKE PÅ E16: Ulukka har skjedd ved Ljøsne på E16 i Lærdal.

Foto: JAN CHRISTIAN JERVING / NRK

Ein person blei sendt med luftambulanse til Førde sentralsjukehus kl. 16.14. To personar blei frakta til sjukehus med ambulanse. Ein til Voss sjukehus og ein annan til Lærdal sjukehus, melder Helse Førde.

AMK ved Helse Førde opplyste seint søndag kveld at pasienten som vart sendt til Førde, ein 31 år gamal mann, vart lagt inn med lettare skader.

Det var totalt 10 personar som var involvert i ulukka som skjedde ved Hansegarden i nærleiken av Ljøsne skule.

Lange køar på E16

E16 i Lærdal var i nær to timar stengd etter ulukka. Vegen er hovudsambandet mellom aust og vest.

Sundag er ein av dei to mest trafikkerte utfartsdagane, og det var lange køar på staden i begge retningar.

Ulukke på E16

LANGE KØAR PÅ STADEN: Det var lange køar etter ulukka på E16.

Foto: ODD HELGE BRUGRAND / NRK
Laster Twitter-innhold