Hopp til innhold

Tre av fire vogntog i massekollisjonen kom frå same selskap

Tre av vogntoga som natt til fredag var involvert i ein kjedekollisjon i Lærdal høyrde til Slinde Transport. Nestoren i selskapet meiner det er eit under at ikkje menneskeliv gjekk tapt. Han har aldri opplevd maken.

Trafikkulykke Lærdal

KOLLISJON: Fire vogntog og ein kassebil køyrde i kvarandre, medan eit femte vogntog svinga unna og køyrde av vegen.

Foto: ODD HELGE BRUGRAND

– No har vi hatt møte med sjåførar og tilsette og snakka om det som har skjedd. Det er laber stemning.

Det seier den røynde sjåføren og nestor Magne Ahlin i Slinde Transport i Sogn etter den dramatiske trafikkulukka på E16 i Lærdal natt til fredag.

– Ein av sjåførane våre er på sjukehus. Han har hatt ei dramatisk oppleving. Det går etter tilhøva bra med han, og han ligg no til observasjon. Det er ikkje konstatert noko alvorleg skade hos han, fortel Slinde.

To personar vart sende til Førde sentralsjukehus etter ulykka der fire vogntog og ein kassebil køyrde i kvarandre.

Føraren av kassebilen, ein mann i 40-åra vart alvorleg skadd. Vogntogsjåføren, ein mann i 20-åra, har ifølgje Helse Førde moderate skader.

Magne Ahlin i lastebilen

NESTOR: Magne Ahlin har jobba i transportnæringa i 40 år. Han er glad det ikkje gjekk menneskeliv tapt under ulykka i Lærdal natt til fredag.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Dette er det verst tenkelege vi kan oppleve

– Eg vakna og fekk nyhendene. Eg var sjølv ikkje i situasjonen, men har følgt det tett sidan eg vakna, seier Ahlin.

Ahlin fortel at sjåførane hadde køyrd i kolonne over Hemsedalsfjellet før dei kom ned på vestsida av fjellet. Ved Borlaug tok dei av kjettingane sidan det var berr veg og naturleg å køyre utan.

– Ved Seltabrui var det spegelglatt vegbane. Det fremste vogntoget miste kontrollen og saksa, fortel Ahlin.

– Bak kom køyretøya på rekke og rad, heilt til ein av sjåførane våre kom seg ut, sprang oppover vegen og fekk stoppa dei som kom bak før fleire krasja, seier han.

Ahlin seier sjåførar som køyrde på vegen to timar tidlegare opplevde sørpete snø på strekninga ved Bjørkum. Etter ulykka måtte sjåføren av redningsbilen leggje på kjetting før han køyrde inn til ulykkesstaden.

Trafikkulukke i Lærdal

STORE SKADAR: Det var store materielle skadar på køyretøya. Magne Ahlin i Slinde Transport seier alle dei tre vogntoga frå Slinde som var involvert er vrak etter ulykka.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Tenker på sjåførane

– Med så mange bilar som vi har langs vegane, er vi alltid førebudde på at slike ting kan skje. Men dette er spesielt, seier Ahlin.

Slinde Transport står no med tre vogntog som berre er vrak.

– Når eg ser på korleis bilane ser ut så er det utruleg at dette gjekk så bra som det trass alt gjekk, seier nestoren.

Vogntoga frå Slinde Transport var på veg til Bergen og Førde. No jobbar dei med å finne bilar for å få levert varene.

– Vi jobbar no med å få containerane som stod på bilane vidare til destinasjonane.

Korleis opplevde sjåførane dette?

– Det er ganske spesiell stemning her no. Vi har snakka saman og skal gjere det vidare utover dagen. Bilar og materiell kan vi alltids kjøpe, vi er berre glade det ikkje gjekk liv, seier Ahlin.

Ulukke i Lærdal

BJØRKUM: Det var mellom Bjørkum og Seltun at ulykka skjedde på E 16 natt til fredag. Eit vogntog køyrde ut av vegen for å unngå samanstøyt med dei andre køyretøya.

Foto: Sondre Dalaker / NRK