Hopp til innhold

– Det var ikkje vits i å bremse, det var berre å gje seg på

LÆRDAL/OSLO/FØRDE (NRK): To personar er skada, ein av dei alvorleg, etter ein kjedekollisjon på glatt føre på E 16 i Lærdal i Sogn og Fjordane natt til fredag.

Kai Roger Gjelsvik

KLINK IS: Kai Roger Gjelsvik seier det var klink is då han køyrde kolliderte med fleire andre vogntog og ein personbil. To personar er skada.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

SISTE Kl. 07:50: Vegen er open for fri ferdsel.

– Det var ikkje vits i å bremse, det var berre å gje seg på. Det var klink is, seier sjåfør Kai Roger Gjelsvik.

Kai Roger Gjelsvik kom køyrande nedover E16 på veg vestover mot Førde då han kom til ulykkesstaden.

– Det gjekk rett fram og der stod det fleire bilar som hadde kollidert og saksa, fortel sjåføren.

Trafikkulukke i Lærdal

LÆRDAL: Fleire trailerar køyrde i kvarandre ved Bjørkum i Lærdal natt til fredag. Det var svært glatte forhold på staden.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Etter at Gjelsvik sin lastebil kolliderte inn i dei framfor seg måtte han komme seg ut av sjåførhytta.

– Det kom fleire lastebilar rundt svingen. Det var berre å springe for ikkje å sitte i bilen og bli treft av dei som kom bak, fortel Gjelsvik etter den dramatiske opplevinga.

Gjelsvik seier dei handla på automatikk då ulykka var eit faktum.

– Eg har komme til ulykker tidlegare, men eg har aldri sjølv vore involvert i ei. Eg har køyrd i ti år, så ein gong måtte vere den første, men det er jo ikkje noko moro, seier den røynde sjåføren.

Ulukke i Lærdal

KNUST: Ein kassebil som var involvert i ulykka vart knust i kjedekollisjonen.

Foto: | / NRK


Ein alvorleg skada

Naudetatane rykka ut til E 16 i Lærdal ved Bjørkum ved 2-tida natt til fredag, etter ein kjedekollisjon der fem trailerar og ein personbil var involvert.

To personar er skada i ulykka. Ein mann på 45 år skal vere alvorleg skada, medan den andre skal vere lettare skada. Begge er frakta til Førde Sentralsjukehus.

Kl. 0920 hadde ikkje Sentralsjukehuset noko nytt å melde om tilstanden til 45-åringen.

Det er ikkje kjend kor mange personar som er involvert i ulykka totalt.

– Det er truleg eit vogntog som har sklidd og saksa på det glatte føret, og at køyretrøyene bak har køyrt inn i det bakfrå, seier operasjonsleiar i Vest politidistrikt Frode Kolltveit til NRK.

Seltatunnelen
Foto: Odd Helge Brugrand

Stor utrykking

Det var full utrykking til ulykkesstaden med hele fire ambulansar, eit ambulansehelikopter, to politibilar, redningsbilar og brannbilar.

På grunn av dårleg ver i området hadde luftambulanse ei stund vanskeleg med å kome til ulykkesstaden, opplyser operasjonsleiar Kolltveit.

Det skal ifølge reporter vere vanskeleg å halde seg oppreist ute på glatta, som skal vere veldig lokal, sidan vegen er utan is og snø elles i området.

Twitter skriv politiet at det kan sjå ut som om alle involverte køyretøy har komme køyrande frå aust mot vest.

Laster Twitter-innhold
Ulukke i Lærdal

SNART FERDIG RYDDA: Klokka 06:30 var det eitt vogntog som står att ved ulykkesstaden.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Glatt i området

Førstebetjent Helge Øvstetun på ulykkesstaden opplyser ovanfor NRK at det er de svært lokalt glatte tilhøva som truleg er årsaka til ulykka.

E 16 er ein av hovudfartsårene mellom aust og vest. Over Hemsedalsfjellet har det vore kolonnekøyring natt til fredag.

Bergingsbil hadde ved 5-tida fredag morgon allereie tauet bort fleire av lastebilane, men E16 i Lærdal var stengt fram til kl. 0730.

Bilbergar Anders Frydenlund var kalla ut for å fjerne køyretøya frå ulykkesstaden.

– No begynne det å sjå betre ut her, seier han då NRK snakka med han kl. 0615.

NRK sin reporter fortalte at det var svært glatt på staden og det var køyrt inn fleire lastebillass med salt for å få betre føre.

Trafikkulukke i Lærdal
Foto: Odd Helge Brugrand / NRK
Lærdalsdalen