Hopp til innhold

Trafikkulukke på fylkesveg 614

Ein bil har køyrt av vegen på fylkesveg 614 mellom Kjelkenes og Svelgen i Bremanger. Det var to personar i bilen.

Trafikkulukke fv 614

PÅ PLASS: Naudetatane var raskt på staden der bilen hadde køyrt av vegen.

Foto: Solveig Svarstad / NRK

Politiet fekk melding om ulukka kl. 1347.

Kvart over to skriv politiet på Twitter at brannvesenet og ambulanse er framme på staden.

– Bilen var på vegen til Svelgen. Den har hamna ut for vegen og 10 meter ned ei skråning, seier operasjonsleiar Frode Kolltveit ved Vest politidistrikt.

Bilen har køyrt over eit autovern og landa på taket.

Det var to personar i bilen. Ei kvinne på 18 år var sjåfør og ein passasjer. Den eine av dei skal ha klaga over smerter.

– Eg kan ikkje seie så mykje om skadeomfang ut over det, men begge er ute av bilen og oppe og går, seier Kolltveit.

Det er førebels ikkje klart kva som kan vere årsak til at bilen hamna utfor vegen. Det har ikkje vore andre bilar involvert i hendinga.

– Bilbergar er på veg, og vegen vert nok stengd i korte periodar medan bilberinga held på, seier Kolltveit.

Klokka 1430 skreiv politiet på Twitter at begge personane vart frakta til sjukehus med ambulanse. Då var skadeomfanget ukjend.

Trafikkulukke Svelgen

BIL AV VEGEN: Ein bil har køyrt av vegen. Den eine av to personar som var i bilen klagar på smerter etter ulukka.

Foto: NRK KART