Hopp til innhold

Heldt oppskriftene tett til brystet

Naustdal dampbakeri fører dei verkeleg gamle tradisjonane vidare i førjulstida. Då hentar dei fram godt skjulte oppskrifter som har fylgt bakeriet i mange generasjonar.

Julebakst på Naustdal dampbakeri

HØGT TEMPO: På løpande band blir ein stor mengde deig til tusenvis av sukkerkledde berlinerkransar. Syskna Ole John Berntsen og Gudrunn Berntsen Nyheim er fjerdegenerasjons konditorar på Naustdal dampbakeri, og er oppteken av å vidareføre tradisjonane.

Foto: Randi Indrebø / NRK

– Når det gjeldt tradisjonsbakst, må ein halde seg til det gamle. Det er viktig å halde på tradisjonane.

Gudrunn Berntsen Nyheim er omgitt av ein eim av søtt og feitt, der ho står og fyller deig i smultringmaskina. På løpande band kjem rykande ferske kaker opp av det kokande feittet.

Heile 12 liter egg har gått med i dagens smultringrøre. Men kva andre ingrediensar som er oppe i det store spannet, er strengt hemmeleg.

Berlinerkransar på Naustdal dampbakeri

BERLINERKRANSAR: Dei innrømmer at det går mykje smør med når dei lagar berlinerkransar. Men ekta smør må til for å få til ein god julebakst, meiner konditorane ved Naustdal dampbakeri

Foto: Randi Indrebø / NRK

Handlaga masseproduksjon

– Oppskriftene er hemmelege. Det er gode, gamle oppskrifter frå våre besteforeldre, så dei har me tett til brystet, seier ho med eit lurt smil.

Broren Ole John nikkar samtykkande:

– Skulle me laga julekaker med maskin, måtte me ha tilpassa deigen. I staden lagar me alt for hand, for å kunne fylgje dei gamle oppskriftene. Eg trur det merkast på både smak og utsjånad.

270 kg deig

Fire konditorar med konsentrerte blikk jobbar med å gjere ei stor mengde deig om til berlinerkransar. Denne sesongen har dei laga kransar av 270 kg deig.

Fleire gonger på kort tid gjentek dei den same prosessen: sprøyte ut deig i tynne strimlar, smørje på eggeblanding, strø på sukker og kutte dei opp i passe storleik. Kvar enkelt berlinerkrans blir så fletta i ein krans og lagt på eit brett.

Naustdal dampbakeri, julebakst

RUTINE: For å halde tempoet og motivasjonen oppe, har dei gjerne ein intern konkurranse om å fylle flest brett på kortast mogeleg tid. Dei yngste av konditorane Vilde Nistad Strandos og Malin Gjøringbø trur rutina blir fordelen, men håpar å slå Gudrunn Nyheim Berntsen og Ole John Berntsen på målstreken.

Foto: Randi Indrebø / NRK

– Om oppskriftene er strengt hemmelege, er det då teieplikt for dei tilsette her?

– Hehe. Nei, dei har ikkje teieplikt. Men me håpar jo alle blir her, slik at dei ikkje spreier dei rundt, svarar Gudrunn med eit smil om munnen

Tusenvis av kaker

Praten går og latteren sit laust blant konditorane, medan dei fyller opp brett etter brett. Det tek ikkje lang tid før Gudrunn dreg med seg den siste tralla med 1960 berlinerkransar og set han inn i omnen.

Allereie i september byrja dei med julekakeproduksjon. Dei faste sju slaga frå bakeriet, er populære.

– Me klarar ikkje møte etterspurnaden, og hadde me starta før september ville det gått utover kvaliteten, fortel Ole John.

Siste etappe

– Det var siste kakene, folkens. Julebaksten er ferdig! Deileg? spør Gudrunn muntert.

– Ja, svarar Ole John letta.

– Det gjekk i år og, me vart ferdige!

Smilande går konditorane laus på neste arbeidsoppgåve. Sjølv om julekakene er klare, er det også andre søtsaker som er etterspurde i desember.

– Har sunnfjordingane godt av alle desse søtsakene då?

– Alle har godt av litt julekake. Det er viktig å kose seg.

Julebakst på Naustdal dampbakeri

HANDVERK: Med unntak av ei kransekakesprøyte, blir julekakene på Naustdal dampbakeri laga for hand. Konditor Ole John Berntsen meiner det er viktig for resultatet.

Foto: Randi Indrebø / NRK