– Eg visste det var hard konkurranse, og håpa kanskje å komme med på sigerspallen. Det var sjølvsagt utruleg kjekt å vinne heile konkurransen, seier Vilde Nistad Strandos fornøgd.
NM for unge konditorar vart arrangert i Trondheim i går, som ein del av Yrkes-NM 2014. 330 fagarbeidarar frå heile landet deltok under meisterskapen og heile 25 000 publikummarar tok turen innom Trondheim Spektrum.
Tøff konkurranse
17. mai og grunnlovsjubileet var tema for konkurransen for konditorane. Strandos spelte difor mykje på norske tradisjonar og råvarer.
– Eg laga blant anna ein mousse med risgrynsgraut, bringebærinnlegg og karamelliserte mandlar med sjokolade. Det var tydelegvis populært, seier ho.
– Det var spanande å sjå om bringebærinnlegga til moussen ville fryse tidsnok. Vi var fem deltakarar som delte ein liten frysar. Det er ikkje noko kjekt om det blir for blautt, men det gjekk heldigvis veldig bra!
Stolte kollegaer
Yrkes-NM vert arrangert for å få fokus på alle moglegheitene ein har som yrkesarbeidar i Noreg, og at landet står i fare for å få ein stor mangel på yrkesarbeidarar i åra som kjem. Her skal det rekrutterast.
Naustdal reiste til byen topp motivert. Ho fekk med seg ein av sjefane sine, Ole John Berntsen frå Naustdal Dampbakeri. Han er sjølvsagt veldig glad for resultatet.
– Eg var sikker på ho kom til å gjere det bra, men det er alltid vanskeleg å vite nivået i ein slik konkurranse. Nivået viste seg å vere høgare enn nokon gang, men likevel leverte Vilde så godt at ho vann, fortel Berntsen.
– Dette er kjempepositivt for karrieren hennar vidare. Det er gull verd å ha ein slik tittel å vise til. Det kan fort opne mange dører, seier han.
Det var også fleire frå fylket som gjorde det bra i sine klasser. Asgeir Flåten som til dagleg jobbar i Flåten Termotransport AS, vann klassen for yrkessjåførfaget.