– I dag er det heilt riktig med landligge. Opplevinga blir ikkje den same om ein ligg heilt oppunder land i sterk vind og høge bølgjer, seier EM-deltakar Torunn Handeland frå Stange i Hedmark.
Planen var å ha ein fridag med landligge onsdag, men med kulingvarsel for Kråkenes fyr tysdag valde arrangørane å framskunde kviledagen for å vente på betre tilhøve.
Stort engasjement om fiskeutstyret
Dagens «vinnar» vart dermed kanskje den legendariske Kaibutikken i Måløy. Butikken er spesialbutikk for fiskeutstyr, og innehavar Odd Arne Mulelid hadde hendene fulle med å handtere ei uvanleg engasjert kundemasse.
– Dette er favorittkundegruppa, smiler Mulelid, det er mange fiskarar som aldri har vore i Nordfjord før.
– Fiskarane vil alltid ha råd. Det er vanskeleg å gi italienarar som berre kan italiensk gode råd, men det går bra, seier han.
Men nokre varer går betre enn andre. Mulelid dreg fram ein lokal spesialitet: Måløypilken. Med tre krokar nedst, ein sjølvlysande blekksprut, og holografisk design i blått, gull og blankt.
– Lysingen likar godt sjølvlysande blekksprut, fastslår Handeland. Men Geir Tveit er meir skeptisk:
– Erfaringa er at dei gode gamle pilkane med sølv framleis er best, meiner han.
Festival heile veka
Det er i samband med Måløy Havfiskefestival at EM i år vert arrangert, med Nordfjord Havfiskeklubb i spissen. Arrangementet varer ei heil veke, med aktivitetar kvar dag, men med stigning i programmet inn mot helga.
Festivalsjef Sunniva Oldeide seier det er eit stort apparat i gang, på torget står eit eige rorbutelt klart med scene, mat og underhaldning.
– Vi har 20 båtar som ligg klare til å frakte fiskarane til havs. Fangsten blir kokkelert og laga til rettar folk kan kjøpe. Borna har eigen fiskekonkurranse. I helga kjem også flaggskipet i den norske lineflåten til Måløy. «Frøyanes» frå Selje skal ha open båt ved lekteren for dei som vil sjå.
Oldeide er ikkje i tvil om at det blir ringverknader av arrangementet:
– Spesielt utstyrsleverandørane merkar det godt. Restaurantar, hotell og overnattingsstadar. Vi har fleire restaurantar som har teke mot fangsten og kokkelert fangsten til fiskarane. Fiskarane har berre teke med seg torsken sin.
Det er sjette gongen Måløy Havfiskefestival går av stabelen:
– Vi skal bygge stein for stein. No har vi fått EM. Vi blir litt større og flinkare kvart år. Så langt har alt gått på skjener, seier Oldeide.
Vil teste pilken
Torunn Handeland har bestemt seg for å teste den særeigne «Måløypilken». Sjølv har ho sin eigen favoritt:
– Alle dei rosa blekksprutane er utseld, gliser ho.