Hopp til innhold

Tørt i vest – varmt i nord

Fem målestasjonar på Vestlandet har hatt rekordlite nedbør i november. I nord står varmerekordar for fall.

Solnedgang Refvika

TØRT: Refviksanden i Vågsøy kommune fekk langt under normalen med nedbør i november. Med 41,4 millimeter vart rekorden frå 2000 slått kraftig. Då regna det 65,5 millimeter.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

– Lange periodar med kulde og tørt vêr er årsaka, seier statsmeteorolog Mette Skjerdal ved Vêrvarslinga på Vestlandet.

Ei oppsummering dei har gjort viser at fem målestasjonar på Vestlandet ikkje har vore tørrare i årets nest siste månad enn i år, sidan målingane starta.

To stasjonar i Sogn og Fjordane, to i Møre og Romsdal og ein i Hordaland. To av rekordane har stått i 25 år.

Rekordtørr november

REKORD: Illustrasjonen viser den nye og gamle rekorden i mengde nedbør.

Foto: Meteorologisk institutt

Ein tredjedel av normalen

Sjølv om fem stasjonar sette rekord er det mange andre plassar som også har hatt ein av sine tørraste november-månadar nokosinne.

– I Bergen kom det 74,7 millimeter med nedbør ved målestasjonen på Florida. Det er det nest lågaste sidan målingane starta i 1983 og normalen for november er på 259, seier Skjerdal.

Rekorden i Bergen stammar tilbake frå 1993 – då kom det berre 61,3 millimeter nedbør i same periode. Til samanlikning er normalen i Oslo 73 millimeter for november.

Som nemnt vert ein lang kuldeperiode utan nedbør peika på som årsaka til at fleire rekordar har stått for fall i november.

Men det var langt frå kaldt i starten av månaden.

Både i Sogn og Fjordane og Hordaland vart det sett nye varmerekordar også i løpet av november. På Kråkenes fyr i Sogn og Fjordane vart det målt heile 19,2 varmegrader, medan Etne i Hordaland hadde 18,3 i starten av månaden.

Ein plass der det har vore varmt i forhold til normalen er i dei nordlegaste delane av landet.

Laster Twitter-innhold

Rekordras

Rekordane i november går inn i ei lang rekke dette året. Og det starta tidleg. For i vår var det uvanleg kaldt i sjøen, etter ein kald vinter.

Men så kom mai, der det vart målt den suverent varmaste mai-månaden sidan målingane starta i 1900 og ti fylkesrekordar for høgste temperatur i mai vart slått.

Sommaren var strålande og i byrjinga av august såg det ut til å bli soleklar nye rekord for høgste sommartemperatur frå mai og ut august. Men så slo vêrgudane til med tidenes nest våtaste august, faktisk den våtaste på 67 år, og øydela den rekorden.

No går vi inn i årets siste månad, om det vert fleire vêrrekordar då får ein vente i spenning på.