Hopp til innhold

Meir fisk enn nokon gong - men no stuper prisane

Prisen på torsk stuper så kraftig at næringa går glipp av store inntekter.

Johan Myre

BILLEG FISK: Torsken går for 20 kroner kiloen.

Foto: Bjarne Eldevik / NRK

Aldri før har det vore så mykje torsk i Barentshavet, og kvotane er rekordhøge. Men all fisken skal også finne kjøparar, det gjer at prisane er på eit botnivå.

Fiskebåtreiar Kåre Furnes i Måløy er ein av dei som vil ha forbrukarane til å betale meir for fisken.

– Eg er jo blant dei som skulle ønskje at vi hadde betre prisar. Slik det er no er det sjølvsagt for lågt.

Aldri før så mykje torsk

Furnes ser på bileta av store linebåtar som no er på havet og fiskar, og aldri før har dei kunna fiske så mykje torsk.

– Vi vil nok berre i Barentshavet kome opp i mellom 2000 og 2500 tonn

– Har du vore med på liknande?

– Nei, men eg håpar å få vere med nokre år no, smiler Furnes.

(Artikkelen held fram under biletet).

Kåre Furnes

HÅPAR PÅ BETRE PRISAR: Fiskebåtreiar Kåre Furnes.

Foto: NRK

Rekordlåge prisar

Den samla torskekvoten i Barentshavet er til neste år på enorme ein million tonn, det er 250 000 tonn meir enn året før.

Havet kokar av fisk, men det er eitt skår i gleda. For all fisken skal også finne kjøparar ute i verda, i haust har prisane blitt rekordlåge som følgje av dei voldsomme fangstmengdene, då strevar næringa med å tene pengar.

Det stadfestar direktør for marknadsinformasjon i Norges sjømatråd, Egil Sundheim.

– Vi opplever marknader i delvis økonomisk krise, når voluma går opp så vil prisane justere seg nedover.

(Artikkelen held fram under biletet).

EKSPORT REKORD

- MARKNADER I KRISE: Direktør Egil Sundheim i Norges sjømatråd.

Foto: Jan-Morten Bjørnbakk/Scanpix / SCANPIX

– Torsk er billeg fisk

Kvoteavtalen i Barentshavet mellom Norge og Russland har ein samla fangstverdi på 15 milliardar kroner, og fisk er etter petroleum Norges viktigaste eksportvare, totalt snakkar vi om ein samla verdi på vel 50 milliardar kroner.

Men no opplever flåten som fiskar torsk at prisen er så låg at det går ut over fortenesta, Kåre Furnes skulle gjerne tent meir no som kvotane er så store.

– Ein må jo ha ein gevinst av det, det er jo det som var håpet, seier Furnes.

Ved Vest-Norges fiskesalslag ser direktør Magnar Aasebø og salsjef Solfrid Ramsevik at torsk no er billig fisk.

Prisane ligg på godt under 20 kroner kiloen for dei minste fiskane. Aasebø seier det må gjerast meir for å marknadsføre fisken i utlandet, fleire som et norsk torsk vil gi høgare prisar.

– Vi forventar og håpar at marknadsarbeidet kan bli ytterlegare styrka. Norge har som ambisjon om å vere verdas beste fiskerinasjon, då må ein sjølvsagt stille opp med midlar og ikkje berre prat.

(Artikkelen held fram under biletet).

Magnar Aasebø

- MÅ GJERE MEIR: Direktør Magnar Aasebø i Vest-Norges fiskesalslag.

Foto: Asgeir Jens Reksnes / NRK

– Lær av oppdrettsnæringa

Totalt skal Norges sjømatråd til neste år bruke 60 millionar kroner på å marknadsføre norsk kvitfisk. Egil Sundheim seier ein bør lære av oppdrettsnæringa som trass finanskrisa tener gode pengar over heile verda.

– Oppdrettsnæringa har klart å utnytte perioder med høvesvis låge prisar, med å byggje marknad. Det bør ein lære av også innan torskesektoren, byggje marknadar, få kontroll over salsledda og etablere nye produkt.

Forskarane spår mange år med mykje fisk i Barentshavet. Tilbake i Måløy trur Kåre Furnes på betre tider, for verda får stadig fleire munnar å mette.

– Det er jo ikkje snakk om voldsomme mengder med mat dette her, når vi veit kva verda treng av fisk og sunn mat. Men det er klart at vi har måtta tole ein prisnedgang, den skulle vi gjerne unngått.

– Men vi toler nok det denne gongen og, vi må berre ta nedturen som har vore no prismessig og byggje oss opp att til neste år.