Hopp til innhold

Fiskebas «fiska opp» 14 millionar

Etter eit heller labert 2010-fiske, vart fjoråret ein kraftig oppsving for ringnotbåten «Fiskebas» i Florø.

"Fiskebas" av Florø

SELD: Fiskebas av Florø hadde eit godt siste år i teneste i fylket. Båten vart nyleg seld til Austevoll, og verksemda har ein ny båt under oppbygging i Polen. Erstattaren er venta i drift i løpet av neste år.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Gründer, styreleiar og medeigar, Magne Harry Madsen, forklarar det gode året med oppsving på prisane i høve til 2010.

Spesielt på makrell og sild var prisane gode. Noko som gav utslag i eit resultat på 14 millionar kroner.

– Makrellen steig masse, frå kring ti kroner til 12–13 kroner. Det vart også betre på sild med kring seks kroner silda, mot kring fire kroner i 2010, seier han.

(Artikkelen held fram under tabellen)

Utvikling Fiskebas AS

 

2011

2010

1009

Driftstinntekter

48.214.000

29.497.000

34.481.000

Ordinært resultat før skatt

13.882.000

-2.076.000

16.424.000

Eigenkapital

24.639.000

22.616.000

27.071.000

Kraftig oppsving

Ifølgje Fiskeridirektoratets register for stor- og småfiske, var «Fiskebas» blant båtane med størst fangst i fjor. Driftsinntektene steig med 63 prosent i høve 2010, og underskot på to millionar forbetra seg med 16 millionar kroner.

– Prisane svingar veldig og fjoråret var godt, og vi hadde lite utgifter. Skipperane våre er flinke og effektive når dei går ut, seier administrerande direktør Siv Madsen.

Det gode året slo også positivt ut for dei seks største eigarane av ringnotbåten som no er seld til Austevoll. Spesielt for Geir Magne Madsen som i fjor noterte seg for 1,8 millionar kroner i skattbar inntekt.

(Artikkelen held fram under tabellen)

Utvikling Torbas AS

 

2011

2010

2009

Driftsinntekter

113.329.000

116.576.000

25.174.000

Ordinært resultat før skatt

1.464.000

15.994.000

-4.981.000

Eigenkapital

257.263.000

386.796

195.874

Lyng på toppen

Mest av fiskarane tente Agnar Johan Lyng i Måløy. 49-åringen er medeigar i «Torbas», som i motsetning til «Fiskebas» opplevde ein svak nedgang på inntektssida. Resultatet derimot stupe med over 14 millionar kroner.

(Artikkelen held fram under tabellen)

Utvikling Nord Solund Fiskeriselskap AS

 

2011

2010

2009

Driftsinntekter

49.299.000

27.870.000

34.699.000

Ordinært resultat før skatt

11.045.000

-7.442.000

1.372.000

Eigenkapital

6.369.000

-1.579.000

3.754.000

Lyng heva ifølgje Purehelp 2,1 millionar kroner i løn som administrerande direktør i Torbas AS, Kvalstein AS, Lyng AS og Ringbas AS. I tillegg er han administrerande direktør i ytterlegare fire verksemder, og styreleiar i ei lang rekkje andre verksemder.

I skattelistene står Lyng oppført med ei skattbar inntekt 2,1 millionar og ei formue på over 16 millionar kroner.

Fiskartoppen

Namn

Fødd

Selskap

Inntekt

Formue

Skatt

Kommune

Agnar Johan Lyng

1963

Torbas AS

2.131.886

16.203.504

1.160.915

Vågsøy

Terje Torvanger

1956

Vestfart

2.010.328

4.425.202

936.173

Bremanger

Tore Hillersøy

1949

Bulandet fiskeindustri

1.987.354

0

812.816

Askvoll

Geir Magne Madsen

1970

Fiskebas AS

1.810.381

0

840.575

Flora

Jan Torvanger

1953

Vestfart

1.727.607

1.880.571

767.832

Bremanger

Tom Færøy

1959

Nord Solund Fiskeriselskap AS

1.665.461

0

501.244

Solund

Ole Morten Madsen

1971

Fiskebas AS

1.579.511

0

718.989

Flora

Frode Alfred Heggøy

1962

Heggøy AS

1.565.400

82473

586.106

Askvoll

Kjell Magne Ervik

1963

Ervik Havfiske

1.516.683

3082018

482.051

Selje

Lars Helge Saltskår

1964

Nord Solund Fiskeriselskap AS

1.408.478

0

639.589

Lindås

Hans Magnus Drønen

1951

Torbas AS

1.272.376

0

527.833

Austevoll

Hans Emil Gåsvær

1960

Nord Solund Fiskeriselskap AS

1.218.050

0

394.182

Solund

Stig Rune Oldeide

1954

So Fisk

1.213.449

0

497.945

Vågsøy

Rune Saltskår

1965

Nord Solund Fiskeriselskap AS

1.071.081

0

501.572

Bergen

Kåre Svensli Madsen

1966

Fiskebas AS

991.992

0

445.799

Flora

Helge Norheim

1964

Vestøy AS

946.463

1.545.484

390.686

Askvoll

Roar Andre Norheim

1960

Vestøy AS

942.553

2.178.723

385.183

Askvoll

Erlend Norheim

1971

Vestøy AS

915.377

457.550

387.025

Askvoll

Helde Silden

1967

So Fisk

893.257

1.026.977

292.320

Vågsøy

Øystein Fedøy

1981

Vestøy AS

870.938

70.327

359.725

Askvoll

Jan Arve Heggøy

1960

Heggøy AS

810.717

0

488.622

Askvoll

Tore Lyng

1956

Torbas AS

801.019

18.402.516

528.515

Vågsøy

Birger Magne Kassen

1965

So Fisk

780.221

4.660.067

316.297

Vågsøy

Nils Myklebust

1952

Tidlegare fiskarlagsleiar

774.437

7.676.933

254.190

Vågsøy

Siv Madsen

1973

Fiskebas AS

706.347

967.799

259.128

Flora

Atle Sverre Fedøy

1948

Vestøy AS

474.045

112.333

158.585

Askvoll

Trone Henny M. Nedreberg

1956

Fiskebas AS

434.614

55.020

136.702

Flora

Norvald Fedøy

1944

Vestøy AS

296.479

2.287.389

81.273

Askvoll

Heidi Madsen Bendiksen

1956

Fiskebas AS

272.987

442.628

76.541

Flora

Stig Ervik

1960

Ervik Havfiske

0

12.909.874

315.328

Selje

Ekspander/minimer faktaboks