Hopp til innhold

Ordførarar til kamp mot seiforslag

Ordførarar i ni kommunar kjem i eit felles høyringsskriv med krass kritikk av fiskeridepartementet sitt nye forslag om å innføre eit minstemål for sei.

Bulandet fiskeindustri

KAN MISTE ARBEIDSPLASSAR: Ordførarane i ni kommunar fryktar for arbeidsplassar og kystsamfunna. Her frå Bulandet fiskeindustri.

Foto: NRK

Frida Melvær

FRYKTAR FORSLAGET: Askvoll-ordførar Frida Melvær meiner forslaget må stoppast.

Ordførarane meiner forslaget er ein trussel for arbeidsplassar og samfunn langs kysten av heile Sogn og Fjordane. Askvoll-ordførar Frida Melvær seier at forslaget må stoppast.

– Eg forventar at dei må sjå på konsekvensane av ei slik innføring og at dette ikkje blir ein realitet, seier ho.

Fryktar for arbeidsplassar

Ordførarane i Gulen, Hyllestad, Solund, Fjaler, Askvoll, Flora, Bremanger, Vågsøy og Selje har gått saman om å syne misnøye mot departementet sitt forslag om at fiske av sei under 40 centimeter skal stoggast. Dei fryktar for arbeidsplassar og kystsamfunna.

– Dersom dette blir innført, med eit auka minstemål på sei, blir det i realiteten slutt på seifisket på kystnotflåten. Det vil også medføre at fiskeindustrien forsvinn.

(Artikkelen held fram under biletet)

Regjeringa vil ha slutt på notfiske av småsei, og møter kraftig motbør frå kystfiskarane. Forslaget som er sendt ut på høyring, blir kalla ein dødsdom av fleire i næringa.

SJÅ TV-SAKA: Det kan bli stopp for småseifisket langs kysten.

– Må sjå på fleire forslag

Departementet ynskjer å endre reglane, for å oppretthalde seibestanden. Men ordførarane langs kysten meiner forslaget som ligg på bordet i dag skadar miljøet meir enn dagens fiske.

– Det fiskeriet som kystnotflåten driv, sparer miljøet både i forhold til drivstoff og utslepp. Dette er også eit kystnært fiskeri der ein går ut og deretter raskt inn og leverer.

Melvær og dei andre ordførarane forventar no at det forslaget blir stogga og at ein ser grundigare på problemstillinga.

– Vi er ikkje imot at ein skal sjå korleis bestanden av sei skal forvaltast. Men v meiner det må sjåast på fleire faktorar enn minstemål åleine, seier ho.

Sei

KAN BLI FORBODE: Seien utanfor kysten kan det bli forbode å fiske med not.