Hopp til innhold

Kystfiskarar fryktar for framtida

Regjeringa vil ha slutt på notfiske av småsei, og møter kraftig motbør frå kystfiskarane. Fiskarar kallar dette ein dødsdom for mange i næringa.

Regjeringa vil ha slutt på notfiske av småsei, og møter kraftig motbør frå kystfiskarane. Forslaget som er sendt ut på høyring, blir kalla ein dødsdom av fleire i næringa.

SJÅ VIDEO: Regjeringa vil ha slutt på notfiske av småsei, og møter kraftig motbør frå kystfiskarane.

Per Arild Tysse

FRYKTA FORSLAGET: Sjefen for Bulandet fiskeindustri, Per Arild Tysse, seier forslaget kan bety slutten for notfisket.

Foto: NRK

Fiskeri- og kystdepartementet vil at det skal bli ulovleg å fiske sei mindre enn 40 centimeter med not, sør for 62. breiddegrad. Dette betyr langt dårlegare tilgang på fisk, og fiskeindustrien langs kysten vil ikkje få nok råstoff til å kunne halde oppe drifta.

Sjefen for Bulandet fiskeindustri, Per Arild Tysse, kallar forslaget ein dødsdom.

– Vi får jo eit totalt sjokk når det kjem eit slikt forslag. Dette er nærast ein dødsdom. Det blir slutt på det vi driv på med og det blir slutt på notfisket. Ein gamal tradisjon blir borte, seier han.

Tysse seier at dei har 50–75 prosent av inntektene basert på sei.

– Det er ikkje grunnlag for vidare drift dersom desse inntektene blir vekke, seier Tysse.

– Korleis kjempar de no for å snu dette?

– Vi arbeider med eit skriv som vi sender til fiskeriministeren og organisasjonen vår.

(Artikkelen held fram under biletet)

Sei

KAN BLI FORBODE: Seien utanfor kysten kan det bli forbode å fiske med not.

Utanfor rekkjevidde for kystfiskarar

Den minste seien held til langs heile kysten. Vaksen sei på over 40 centimeter held til i område langt til havs, utanfor rekkjevidda til kystfiskarane. Og det er dei som leverer fisk til dei fleste fiskemottaka.

Dermed vil Bulandet miste om lag 60 prosent av inntektene sine. Notfiskaren vil miste 30 prosent. Skipper Helge Nordheim er uroa.

– Vi kan ikkje tåle dette. Båtane får omsetnaden sin dramatisk redusert, seier Nordheim.

– Viktig å forvalte rett

Politisk rådgiver Tord Dale i Helse- og omsorgsdepartementet.

– MÅ FORVALTE: Politisk rådgjevar i fiskeridepartementet, Tord Dale, seier forslaget er nødvendig for å auke seibestanden.

Fiskeridepartementet vedgår at det blir utfordrande for næringa med dei nye krava, men meiner det er nødvendig for å auke seibestanden.

Politisk rådgjevar i fiskeridepartementet, Tord Dale, seie han skal sjå på om det blir så gale som fiskaren hevdar.

– Men utgangspunktet i forvaltninga av fiskeressursane, er at det skal vere ein fornybar ressurs som vi skal hauste i mange år framover. Då må vi som politikarar ha eit langsiktig perspektiv. Vi må sørgje for at seibestanden er slik at born og barnebarn får nye godt av det.