Selskapet prøvde også i fjor å hente inn ny aksjekapital. Då var det tunge tider i kapitalmarknaden og mottakinga heller dårleg, fortel Bakke.
Det er delt ut 350 torskekonsesjonar langs norskekysten. Problemet har vore å få fram nok yngel, få den til å overleve, og å ha nok pengar til å fôre den fram til ein fullvaksen torsk. Difor har torskeoppdrett så langt vore eit tapssluk.
Optimist
Optimistane trur likevel at produksjonen blir like stor som heile den norske villtorsk-kvoten om 10-15 år. Nøkkelen er å ha nok pengar til å kome gjennom dei neste åra. Petter Bakke trur at Norsk Marin Fisk skal klare det, og at investorane skal tene gode pengar om nokre år.
Selskapet sette i fjor ut 100.000 fisk som skal slaktast hausten 2005. Målet er å kome opp i ein million fisk i året.
Eventyr
I dag er prisane på over 30 kroner kiloen. Dei færraste trur at det vil halde seg når – og om – det verkeleg blir storproduksjon langs norskekysten. Difor meiner Bakke at det er viktig å vera tidleg ute.
– Det kan bli eit lite eventyr for dei som er tidleg ute. Seinare vil det bli gode år og dårlege år i torskenæringa slik som vi ser i laksenæringa, seier Bakke.