Torskefisket på viktige gytefelt kan bli stoppa

RAUDEBERG (NRK): Det går mot freding av viktige gytefelt for torsk på Vestlandet etter dramatisk nedgang i dette fisket.

Torskefiske

DÅRLEGARE: Dei siste åra har torskefisket på Vestlandskysten blitt dårlegare.

Foto: Colourbox.com

Det seier forskar Kjell Nedreås ved Havforskingsinstituttet. Sidan tusenårsskiftet har torskefisket på Vestlandskysten gått ned med 75 prosent.

– Går du berre 18 år tilbake, blei det på heile Vestlandet levert over 2000 tonn. I dag blir det levert 500 tonn.

Steven Jensen

SVIKT: Steven Jensen i Snorre Seafood på Raudeberg seier heile kystfisket ser ut til å svikte.

Foto: Silje Guddal / NRK

Snorre Seafood på Raudeberg er eit av tre kystfiskemottaka som er igjen i Sogn og Fjordane. Fiskehandlar Steven Jensen ser svært alvorleg på nedgangen i kystfisket og særleg torskefisket.

– Årets torskefiske sør for Stad har vore elendig. Vanlegvis skal det vere bra fiskeri no, men no har det vore fem-seks år utan sesong. Dette fisket er ikkje noko vi kan basere oss på lenger, slik vi gjorde tidlegare. Det var heilt andre vintersesongar tidlegare, no er det ein brøkdel av kva det var.

Skuffa over fangsten

Ein av dei som har opplevd at torskefisket har vore elendig i vinter, er Vegard Osmundsvåg.

– Det er dårleg fiskeri. Eg drog opp 150–160 kilo fisk ved Stad. Det var ei blanding av torsk, lange og lyr. Eg har drege garn to gonger. Det er ingen verdas ting. Skal eg fiske torsk i år, må eg sikkert til Lofoten.

Tal frå Vestnorges Fiskesalslag viser jamn nedgang i heile kystfisket. I Sogn og Fjordane har talet på båtar som leverer, gått ned frå 223 til 179 fartøy dei siste fem åra. Talet på kystfiskarar har altså gått vesentleg ned.

Vil setje inn tiltak

Havforskingsinstituttet granskar no fiskemengdene til fritidsfiskarar og utlendingar. Det vil seie turistfiskarar. Forskar Kjell Nedreås seier at tiltak må setjast inn for å stogge svikten i torskefisket.

– Dessverre går det berre nedover og nedover med mengda torsk som blir levert til mottaksanlegg på Vestlandet. Det kan vere ei forklaring at det har blitt færre mottak, men vi trur at dette er ein reell nedgang i torskemengdene og den er stor. Her må vi inn med fleire tiltak. Det vi jobbar med no, er resultatet av kartlegginga på gytefelt.

Ifølgje forskaren er det førebels ikkje offentleg kva område og gytefelt som skal vernast og korleis dette skal gjennomførast.

Forstår at folk er skeptiske

Forskaren er også klar over nedgangen i resten av kystfisket og seier dei vil sjå nærare på korleis dette har endra seg. Men når det gjeld temperaturen i havet, er den framleis godt innanfor grensa for torsk.

– Vestlandstemperaturen er god nok for torsk. Han er godt innanfor tolegrensene til våre tradisjonelle fiskeartar langs vestlandskysten

– Forstår du at folk er skeptiske til framtida for kystfisket?

– Ja, det forstår eg godt. Her på Havforskingsinstituttet må vi lytte til dei signala som kjem.