Hopp til innhold

Torsdag kan skulen deira vera historie

VIK (NRK): Politikarane i Vik må fram med sparekniven, og to skular står i fare for å ryka. I Fresvik vurderer dei å starta privatskule, dersom dei får beskjeden dei ikkje vil ha.

Therese Bakken, Eirik Høydal Breili og Guro Bøthun

ELEVAR: Therese Bakken (6. klasse), Eirik Høydal Breili (7. klasse) og Guro Bøthun (4. klasse) ved Fresvik skule.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Det er nærare heim, lettare å koma seg hit og mindre stress. Det er mange som har flytta hit som kanskje skal ha ungar. Dei flyttar kanskje om skulen blir lagt ned, seier Eirik Høydal Breili.

Han er den einaste sjuandeklassingen, og dermed den eldste eleven, på Fresvik skule. I lag med Therese Bakken (6. klasse) og Guro Bøthun (4. klasse) håpar han skulen, som har 11 elevar, ikkje blir lagt ned.

– Her kjenner me alle godt, og me får veldig fort hjelp i timane, seier Bakken.

– Alle leikar i lag, og me får fort hjelp om me treng det, legg Bøthun til.

Skule og barnehage

Skulestruktursaka har vore oppe til politikarane i Vik fleire gonger, men dei har ikkje klart å koma fram til eit vedtak. På torsdag skal kommunestyret endeleg avgjera kven av dei fem skulane i kommunen som får halda fram, og kven som må låsa dørene for godt.

–I løpet av dei neste åra må me få til ei årleg innsparing på 15 millionar kroner, samanlikna med dagens budsjett. Det er stort sett fordi me har mista kraftinntekter dei siste åra, seier ordførar Olav Turvoll (Sp).

Rådmannen rår til at skulen i Fresvik og skulen på Vangsnes blir lagt ned, og at Feios, Flatbygdi (Vik) og Valsvik består som i dag. Dermed må elevane i Fresvik til Feios, og dei på Vangsnes til Vik.

Elevar Fresvik skule

NESTEN ALLE: På bildet er 10 av 11 elevar ved skulen samla (ei var til tannlegen).

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Samstundes som to skular er foreslått nedlagde, er det foreslått å nytta skulebygget på Vangsnes til ny barnehage for ungane i Feios, Vangsnes og Vik. Då er planen at det vil bli ledig plass på skulen i Feios, som i dag også husar barnehage, slik at elevane frå Fresvik får plass der utan at kommunen treng å bygga ut skulen.

– Me håpar å bruka minst mogleg pengar på nye bygg. Og så har me behov for fleire barnehageplassar. Med å rokera litt på elevane kan me få opp barnehagekapasiteten, utan å byggja nytt. Skal me få folk til å flytta hit, er det viktig med god barnehagekapasitet, seier Turvoll.

– Men er det ikkje ein motsetnad å legga ned skular for å få fleire barnehageplassar?

– Jo, det er klart. Men det er kronene som legg føringane her. Det er ikkje kjekt, men me må halda hovudet kaldt. Samstundes må me gjera eit vedtak som står godt fleire år, så me ikkje må til i same dansen om eit eller to år.

Om det blir slik som rådmann tilrår, er umogleg å seia. Ordføraren trur ikkje noko er avgjort før det skal røystast på torsdag.

– Blir godt å bli ferdig med saka

Lærar Mariann Drægni, som også er tillitsvald for dei tilsette på skulen i Fresvik, seier dei er prega av at dei har vore på hoggestaben til politikarane så lenge.

Mariann Drægni

LÆRAR OG TILLITSVALD: Mariann Drægni.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Me merkar at elevane kan vera ukonsentrerte i timane. På måndag hadde me om biogass i naturfag, då var det plutseleg ein som rakk opp handa og spurte: «Trur du skulen blir lagt ned? Må me til Feios? Skal det bli heilt tomt her?». Dei tenkjer nok meir på det enn me trur.

– Uansett kva det endar med, så blir det godt å få ein ende på det. For bygda, for elevane og for oss lærarar. Då kan alle sjå framover, seier ho.

– Dei pissar i buksa

– Det vil gå utover optimismen som er i bygda no. I løpet av det siste tiåret er det mange som har vurdert å flytta til Fresvik, og skulen har vore ein vesentleg del av dei vurderingane. Me hadde ikkje vurdert å flytta hit om det ikkje hadde vore skule her, seier Siri Wølneberg Bøthun, FAU-leiar ved Fresvik skule.

Ho er redd politikarane pissar i buksa for å halda seg varme, dersom dei går inn for nedlegging av skulen.

– Kvar skulle politikarane elles ha kutta?

– Det er prisverdig arbeid dei gjer. Men dei kan ikkje kutta noko som på sikt vil føra til store utgifter, eller som øydelegg inntektsgrunnlaget i framtida. Å leggja ned grendeskulane vil vera med å motverka det positive som skjer i bygdene, og det vil gi tapte inntekter til kommunen på sikt.

Siri W. Bøthun.

FAU-LEIAR: Siri Wølneberg Bøthun.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Ho fortel at foreldra i Fresvik ser på moglegheita for å starta privatskule, dersom skulen blir lagt ned. Det trass i at rådmannen har lagt inn eit punkt i tilrådinga at det er ein føresetnad at det ikkje blir starta private skular eller barnehagar i attverande lokale.

–Det er ein stor jobb med mykje som skal på plass, men det kan vera ein bergingsplanke for oss, seier ho.

– Kjekt i Feios, men …

Tilbake på skulen elevane nett ferdige med friminutt i vinterens første snøfall. Ein dag i veka har elevane på mellomtrinnet, altså Therese Bakken og Eirik Høydal Breili, skuledagen sin på Feios skule.

– Det er litt fleire folk og litt meir å gjera der, seier Høydal Breili, som uansett skal byrja på ungdomsskulen i Feios neste haust, før han held fram:

– Men det er andre enn meg her, som framleis kan gå i Fresvik.

– Det blir sikkert kjekt, men eg vil helst vera her. Om det er skule i Fresvik, så kjem det kanskje fleire folk med ungar hit, avsluttar Bakken.

Kommunestyret skal ikkje vedta tidspunkt for gjennomføringa av strukturendringa på torsdag. Det skal behandlast seinare. Rådmann skriv i møtepapira at det ikkje er realistisk å gjennomføra alle endringane allereie frå hausten 2018.