NRK Meny
Normal

Tornado Måløy tapte på målstreken - må ta den tunge vegen ned i 4. divisjon

Det var spenning til siste slutt då Årdal fekk besøk av Tornado Måløy i thrilleravslutninga på 3. divisjonsfotballen i fylket.

Harde tak

VILLE SÅ GJERNE: Begge lag kjempa til siste slutt. Årdal trekte til slutt det lengste strået.

Foto: Ingrid Nordbye-Antonsen / NRK

– Vi er frykteleg skuffa. Men tabellen lyg aldri. Vi nådde ikkje heilt opp, og slik er det berre, seier Tornado Måløy-trenar Geir Ove Refvik

Den uhyre spennande kampen enda til slutt 3-3, noko som fekk vel 500 tilskodarar i Årdal til å juble hemningslaust.

Skuffelsen blant Tornado/Måløy-spelarane og supporterane er stor etter at laget no må ta turen ned i 4. divisjon, men Refvik er klar på at det har vore ein tung sesong.

Har hatt marginane i mot seg

– Vi har hatt ein del kampar der vi har hatt marginane mot oss. Det har vore dramatiske kampar der det er fleire ting vi ikkje har vore heilt samde i, seier Refvik.

Han hadde trua på at Tornado Måløy skulle klare seg heilt inn, men måtte til slutt innsjå at Årdal vart hakket for sterke.

– Men det var ein grei kamp. Det er sjølvsagt ting ein kunne ha endra på, men det er det for seint å tenkje på no, seier Refvik.

Han er klar på at eit nedrykk ikkje endrar noko i breiddeklubben Tornado Måløy.

– Vi skal komme sterkt tilbake. Eg trur ikkje vi mistar mykje spelarar. Her er det berre snakk om å krumme nakken og sjå framover, seier Refvik.

(Artikkelen held fram under biletet)

Årdølene jublar over ny kontrakt

JUBEL: Støtteapparatet til Årdal var høgt oppe då dei forstod at dei var sikra ein ny sesong i 3. divisjon.

Foto: Ingrid Nordbye-Antonsen / NRK

Har ikkje negler att

Årdal-trenar Ivan Øy er i skyene etter at årdølene fornya kontrakten i 3. divisjon.

– Eg har ikkje negler att. Men dei forsvann i grunn tidleg denne veka. Pulsen har ikkje roa seg endå. Det tek på, dette, seier Øy.

For då kampen starta, låg det ikkje i dagen at det var Årdal som skulle trekkje det lengste strået.

– Vi fekk den verst tenkjelege starten då Tornado scora på corner etter berre eit par minutt. Vi starta litt masete og fann ikkje heilt ut av det, seier Øy.

Til pause var stillinga 0-1 til Tornado Måløy, og årdølene var prega då dei møttest i garderoben.

– Spelarane følte seg litt snytte og følte dei ikkje hadde fått utteljing for sjansane. Men rett etter pause fekk vi utlikning. Så tok Tornado over kampen att og scora 1-2-målet, fortel Øy.

Var heldige i dødball-situasjon

Årdal fekk så straffe etter ei felling, ein straffe Preben Strypet sette i stanga.

– Han tek returen sjølv og set den i mål, men det er ikkje lov, og dermed vart målet annulert. Då tenkte eg «javel, er det ein slik kamp dette skal bli», seier Øy, og ler.

Men årdølene var framleis på krigsstien.

– Vi er heldige og får 2-2 etter litt klabb og babb i ein dødballsituasjon, seier Øy.

Årdal får så straffe etter at Jonny Hagen vert felt, og Preben Strypet set straffen rett i mål.

– Men så utliknar Tornado Måløy igjen, og spenninga var i gang att. Men vi stod han av og heldt heilt ut. Det er berre fantastisk, seier Øy.

Slik enda kampane i 3. divisjon laurdag:

Sogndal 2 - Skarbøvik 3-2

Spjelkavik - Stryn 1-2

Eid-Norborg 5-0

Arna-Bjørnar - Hødd 2 2-3

Aalesund 2 - Tertnes 2-2

Bergsøy - Larsnes/Gursken 5-0

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.