Hopp til innhold

Toppklubb i USA vil ha Thorsnes

23-åringe Elise Thorsnes frå Leikanger vurderer å bli proff i ein utanlandsk klubb.

Elise Thorsnes

ETTERTRAKTA: Røa-spelaren Elise Thorsnes vurdere å forlate klubben for å bli proff i ein utanlandsk klubb.

Foto: Bjørn Sigurdsøn / SCANPIX

Det er vg.no som skriv at toppklubbar frå USA og Sverige jaktar toppskåraren i eliteserien for kvinner.

Heile 27 mål har Thorsnes skåra så langt i år. I dag spelar ho cupfinale mot Stabæk og har også teke seriegullet.

Kontrakten hennar går ut etter denne sesongen, og ho har fått henvendingar frå andre klubbar.

– Det er ein klubb frå USA og ein frå Sverige som har teke kontakt, i tillegg til ein del norske klubber, seier Thorsnes til VG Nett.

Ho har framleis ikkje høyrt noko frå Røa og veit heller ikkje kva dei kan tilby etter ein tøff økonomisk sesong. Klubben måtte kutte mykje i spelarlønningane og Thorsnes ba Leikanger kommune om økonomisk støtte.

– Eg ønskjer å kunne leve av fotballen og fokusere berre på det, seier ho.