NRK Meny
Normal

Tok til tårene i Høyanger

Nokre av elevane tok til tårene då dei fekk meldinga om nedlegging.

Elevar ved Høyanger vidaregåande skule

SKUFFA: Det var tydeleg dårleg stemning ved Høyanger vidaregåande skule då elevane vart informert om at skulen deira er ein av dei som no vert føreslått nedlagd.

Foto: Lars Petter Degnepoll / NRK

Stemninga i Høyanger er dårleg etter at det vart klart at Høyanger vidaregåande skule er blant dei som er føreslått nedlagde.

–- Eg er djupt usamd i dei konklusjonane som fylkesrådmannen kom med på kva som er fornuftig å gjere. Eg trur ikkje dette er det som skal til i Sogn og Fjordane, seier rektor ved Høyanger vidaregåande skule, Ottar Hjetland, til NRK.

Torsdag vart framlegget til ny skulestruktur lagd fram. Saman med Luster og Stryn vidaregåande, samt avdeling Vassenden ved Mo og Jølster vidaregåande skule, er ikkje Høyanger vidaregåande ein del av denne planen.

– Rokkar ved det gode

Ottar Hjetland

IKKJE OVERRASKA: Rektor Ottar Hjetland ved Høyanger vgs. var førebudd på det verste.

Foto: Lars Petter Degnepoll / NRK

NRK sin reporter på staden fortel at elevrådsleiaren reagerte med å ta til tårene då planen vart lagd fram. Også rektor Ottar Hjetland er svært skuffa over forslaget frå fylkesadministrasjonen.

– Fylket har i årevis hatt høg kvalitet på opplæringa. Vi har vore i toppen på karakterstatistikkar og på gjennomføring i heile landet når det gjeld vidaregåande opplæring. No skal bli slik som alle dei andre. Vi skal få store såkalla robuste fagmiljø, kjende argument frå New Public Management, seier rektoren.

– Ein rokkar ved det som har gjort oss gode, og skal erstatte det med noko som ein ikkje alltid har sett har ført til kvalitet i andre sentrale område, seier Hjetland.

Han har forståing for at eit fallande elevtal for framtida krev handling, men han trur ikkje svaret er å sentralisere til dømes teknikk og industriell produksjon til Øyrane og Måløy vidaregåande skule.

– Eg trur ikkje ein by som Førde, utan industri omtrent er i stand til å serve den skulen med det dei treng av praksisplassar framover. Skal ein skape relevante og utviklande miljø for elevane, må det vere i miljø der ein har tett samarbeid mellom næringsliv og skule. Det har vi her, seier Hjetland.

(Artikkelen held fram under biletet)

Høyanger vidaregåande skule

KAN BLI NEDLAGD: Høyanger vidaregåande skule er saman med Luster og Stryn vidaregåande føreslegne nedlagd. Også avdeling Vassenden ved Mo og Jølster vidaregåande skule vil fylkesrådmannen leggje ned.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Ikkje overraska

Trass i at framlegget skuffa både tilsette og elevar, fortel Hjetland at det ikkje kom overraskande på.

– Her i Høyanger var vi eigentleg førebudd på det. Det var ikkje noko nytt i framlegget til vedtak frå fylkesrådmannen i forhold til den rapporten som Norconsult leverte i oktober. Argumentasjonen er den same og orda er dei same. Dei har ikkje vore fagleg rørsle hos fylkesrådmannen etter det, seier han.

– Korleis trur du det vert når det endelege vedtaket kjem i juni?

– Det er vanskeleg å seie noko om. Eg sa til elevane og dei tilsette at eg framleis har stor tiltru til det politiske miljøet i Sogn og Fjordane.

– Uakseptabelt

Petter Sortland

ULEVELEG: Høyanger-ordførar Petter Sortland meiner framlegget ikkje er til å leve med.

Foto: Lars Petter Degnepoll / NRK

Ordførar i Høyanger, Petter Sortland, seier at dette er eit alternativ dei ikkje kan leve med.

– Fylkeskommunen gir oss millionar av kroner i utviklingshjelp med den eine handa, og så kuttar dei skulen og bidreg til avfolking med den andre, seier han.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.