NRK Meny
Normal

Tok sølv i EM i motbakkeløp: – Det største eg har opplevd

I sist første internasjonale mesterskap sikra Eli Anne Dvergsdal (23) frå Jølster sølv for Norge under EM i motbakkeløp i Portugal i dag.

Eli Anne Dvergsdal
Foto: Privat

Det unge løpstalentet, som bur i Bergen og spring for idrettslaget Gular, var ei av 52 kvinner på startstreken. Løypa var åtte kilometer lang, med ein stigning på 850 høgdemeter.

Dvergsdal kom i mål rundt to minutt bak vinnaren Andrea Mayr frå Austerrike.

– Det er heilt utruleg stort. Det største eg har opplevd, seier Dvergsdal.

Måtte stille bak i køen

Opninga var alt anna enn lovande. Dvergsdal stilte i femte rad av løparar ut frå start. I dei tronge partia i byrjinga var vrient å manøvrere seg forbi.

Men litt om litt passerte ho feltet og vart plutseleg springande åleine.

– På det tidspunktet trudde eg det var ein gjeng på tjue personar framfor meg. Så kjem eg opp til drikkestasjonen, der ein av lagleiarane ropar til meg at eg er nummer to. Då tenkte eg «kva i alle dagar?», seier Dvergsdal.

Eli Anne Dvergsdal

FRÅ BALL TIL MOTBAKKE: Tidlegare var det fotballen ho satsa mest på.

Foto: Stig Høynes / NRK

Ho trur ikkje starten øydela for ein eventuell siger.

– Nokre sekund kunne eg kanskje tatt. Men luka var såpass stor, så det var mest psykisk der og då, at det var irriterande å ikkje komme forbi, seier ho.

– Har stor respekt for vinnaren

Så var det heller ikkje kven som helst ho tapte for. Austerrikske Andrea Mayr har vunne VM fem gongar på rad, ofte 4-5 minutt før neste utøvar.

– Ho er ganske ekstrem, så ho får vere eit førebilete, seier Dvergsdal.

Med EM-sølvet har Dvergsdal fått maksimal utteljing på valet ho gjorde i februar. Då droppa ho fotballen til fordel for full satsing på motbakkeløp. EM var målet og det einaste løpet denne sesongen ho har lada opp til.

– Det er berre to månader sidan eg braut foten, så då har eg måtta ta dei andre konkurransane som trening for å bli klar igjen. I dag sat alt som det skulle, seier ho.

Imponert friidrettsleiar

Narve Heggheim, dagleg leiar i Friidrettskretsen i Sogn og Fjordane, er utruleg imponert over prestasjonen.

– Ein sølvmedalje i eit EM heng høgt. I tillegg er dette det første internasjonale mesterskapet der ho representerer Norge. Så dette stadfester at ho er i den absolutte europatoppen, seier han.

Det at ho er så ung meiner han gjer prestasjonen ekstra imponerande. Ofte er det godt vaksne utøvarar som dominerer toppen av resultatlistene i slike løp.

– Eli Anne er berre 23-år og det viser at ho har ei stor framtid som motbakkeløpar, seier Heggheim.

Sjølv ønskjer Dvergsdal berre å nyte sølvet, før det blir tid for å setje seg nye mål.

– Målet var eigentleg berre å bli tatt ut til EM. Og då klare å ta eit sølv, er berre heilt utruleg, seier ho.