Hopp til innhold

Tok sin femte siger på rad

Medan resten av verda følger tett med på VM, har Sogndal tatt eitt steg nærare Eliteserien.

Sogndal jublar etter siger mot Viking

JUBLA FOR SOLID KAMP: Sogndal-spelarane kunne juble etter 3-1 mot HamKam på Briskeby.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Laster innhold, vennligst vent..

– No må vi ikkje drøyme oss heilt vekk, men vi vil tilbake. Opprykk er draumen, seier Sogndal-trenar Eirik Bakke.

I pøsregnet på Briskeby henta Sogndal seg kraftig inn etter ein marerittstart. Etter få minutt kom det ei tidleg scoring av HamKam.

Rett før pause utlikna Joachim Soltvedt, og Sogndal kunne gå til pause med 1-1. Bakke meiner laget frå saftbygda var klart best i første omgang, sjølv om dei lenge låg under.

– Klarar vi å vise same vilje framover, så skal det vere vanskeleg å slå oss, meiner Bakke.

Kampen sitt tredje mål kom i andre omgang når Kjetil Wæhler scorar etter ein retur frå keeper.

– Den var fin den. Eg er framleis litt rutinert, så får vi håpe på fleire mål framover, ler Wæhler.

På årets 13 første kampar har Sogndal hamna under i åtte kampar. Likevel har det berre blitt to tap og fire uavgjorte.

– Det har nesten blitt ein vane at motstandaren scorar først, seier Bakke lattermildt, før han legg til:

– Men heldigvis har vi klart å snu det mange gonger. Det viser ein enorm mentalitet, seier han.

Sogningane markerte seg

I pøsregnet på Briskeby hadde mange av Saftkokaradn samla seg for å sjå eit Sogndal-lag som henta seg kraftig inn igjen etter marerittstarten.

– Det var ei fantastisk støtte. Eg høyrde dei godt frå tribunen.

Ikkje minst fekk dei valutta for pengane når Ulrik Flo kom inn på bana. Berre etter få minutt banka han inn ballen til 3-1 for Sogndal.

– Det var utruleg vilje i den scoringa. Han gir alltid full gass, så den scoringa var veldig fortjent, seier Bakke.

Med sin femte siger på rad ligg Sogndal på ein andreplass i 1. divisjon. Wæhler vil helst ikkje høyre snakk om opprykk.

– Vi må jobbe i det stille og ikkje ha eit for stort fokus på opprykk, seier Wæhler til Eurosport.

Kjetil Wæhler i aksjon mot Sandnes Ulf

MÅL PÅ RETUR: Kjetil Wæhler scora Sogndal sitt andre mål for kampen.

Foto: Christian Blom
Laster innhold, vennligst vent..