Hopp til innhold

Tok papira til utanlandsk sjåfør for å sikre betaling for bergingsjobb

Då føraren av det litauiske vogntoget ikkje kunne betale for berging, tok Vegvesenet affære. For første gong skreiv utekontrollørane i Sogn eit skriftleg vedtak om å fjerne bilen og halde den tilbake til bergingsjobben var betalt.

Skilt som varslar kontroll på Håbakken i Lærdal

MÅTTE RYKKE UT TIL FJELLOVERGANG: Brevik og kollegaen hadde kontroll på Håbakken ved E16 i Lærdal då dei måndag kveld reiste til Hemsedalsfjellet for å hjelpe rydde opp i trafikkproblema.

Foto: Anna Gytri / NRK

Det var måndag kveld at to utanlandske vogntog fekk problem i stigninga opp frå Borlaug på riksveg 52 over Hemsedalsfjellet. Samtidig vart det problem på E16 over Filefjell.

Etter kvart vart problema så store at utekontrollørane på Statens vegvesen sin kontrollstasjon på Håbakken i Lærdal vart tilkalla.

– Vi fekk beskjed om at to utanlandske køyretøy ikkje kom seg vidare, og at dei stod slik til at dei var til hinder for både brøyting og for trafikken elles, fortel utekontrollør Gunnar Brevik til NRK.no.

Fekk grei beskjed om å fjerne seg

Utekontrollørane reiste til staden for å sjå om dei kunne hjelpe til. Vogntoga stod så vanskeleg til at entreprenøren bestemte seg for å stenge vegen inntil dei var fjerna.

– Dei skapte også farlege situasjonar, og kunne ikkje bli ståande, fortel Brevik.

Riksveg 52 over Hemsedalsfjellet er ein mykje brukt veg mellom aust og vest, og stengingar er noko ein prøver unngå. Brevik og kollegaen fekk raskt kontakt med førarane av vogntoga.

– Vi fekk kontakt med sjåførane som begge var frå Aust-Europa. Vi fortalde dei at dei ikkje kunne stå der, og at dei måtte vekk, seier Brevik.

Fatta skriftleg vedtak for første gong

På lik linje med politiet kan Vegvesenet sine folk bestemme at køyretøy som er til hinder for trafikken skal fjernast. Men det å gi grei beskjed om at bilane må vekk er ikkje alltid nok.

– Dei hadde ikkje pengar til berging, så dermed måtte vi pålegge dei berging og fjerning. Dette er noko vi gjer med heimel i vegtrafikklova, fortel Brevik.

Bergingsbil frå Viking fekk fjerna bilane, men problema var likevel ikkje over. Medan den eine sjåføren raskt fekk på plass garanti for betalinga, var det verre med føraren av det litauiske vogntoget.

– Der måtte vi gjere eit skriftleg vedtak om at vi kom til å halde tilbake køyretøyet til berginga var betalt, seier Brevik.

Tok papira for å sikre at pengane kom

Denne retten har Vegvesenet hatt ei stund, men det er første gong utekontrollørane i Sogn har nytta seg av moglegheita. Vegvesenet tok papira til sjåføren, og han kunne dermed ikkje køyre vidare før betaling var i orden.

– Det å fatte eit skriftleg vedtak der vi pålegg berging og informerer om at vi vil halde tilbake køyretøyet til det er betalt, det har vi ikkje gjort tidlegare her inne, seier Brevik.

Han meiner det er positivt at Vegvesenet kan gjere dette.

– Det er urimeleg at Viking skal måtte slite med å krevje inn pengane i ettertid. Difor har staten funne ut at det er meir rett at staten eventuelt betaler Viking, og at det er vi som blir sittande med arbeidet med å krevje inn pengane, seier han.

Brevik seier det som regel er Viking som får problema med oppgjeret etter bergingsoppdrag. NRK har fleire gonger tidlegare fortalt om korleis bilbergarane tek utanlandske vogntog i arrest, for å unngå at dei stikk av frå rekninga.

(Artikkelen held fram under biletet)

Polsk trailar i arrest

STAKK FRÅ REKNINGA: I februar 2012 opplevde Viking at ein polsk sjåfør prøvde stikke frå rekninga for bilberging. Då tok Viking sine folk arrest i hengaren ved å setje ein såkalla kingpin-lås på hengaren.

Foto: Knut Maristuen/privat

Vil løyse det på eiga hand

Brevik seier dei ofte ser at førarane vil ordne opp på eiga hand, og i mange tilfelle ventar i det lengste med å bestille berging.

– Mange gonger ser vi at førarane jobbar i firma som har dårleg råd, og dei sjølve ikkje har råd til å betale for berging.

– Det er då problema ofte dukkar opp, i form av at dei ikkje ønskjer berging fordi det kostar pengar, seier han.

Betalte dagen etter

I dette tilfellet ordna sjåføren og firmaet sjølve opp med Viking dagen etterpå.

– Det kan vere litt vanskeleg å skaffe pengar på eit betalingskort, men i dette tilfellet gjekk det ganske bra. Slik vi forstod det betalte arbeidsgivaren hans pengar til kona, som deretter overføre pengar via nettbank til kortet hans.

– Dermed kunne han betale for berginga midt på dagen tysdag, og fekk køyre vidare, seier Brevik.

Trur det vil skje igjen

Brevik seier at sjåførar som blir stogga av Vegvesenet som regel rettar seg etter dei pålegg som blir gitt. Blir til dømes eit vogntog stogga med for dårlege dekk eller kjettingar opplever kontrollørane ofte at sjåførane vel å snu og parkere til det blir betre vêr.

– Men når dei først har køyrt seg fast, så er det godt at vi har denne moglegheita til å få ordne opp i trafikkbiletet raskt, og ikkje får problemet med at dei nektar å la seg berge, seier Brevik.

Han trur det vil bli skrive fleire liknande vedtak i løpet av dei neste månadane.

– Eg er trygg på at dette kjem til å bli gjort fleire gonger i vinter, seier han.