Hopp til innhold

Langt over 100 menneske møtte opp for å protestere mot gruvedrift

Det var ikkje planlagt eit førstemaitog i Førde i år. Men til trass for kort varsel vart det stort oppmøte i toget mot gruveavfall i Førdefjorden.

Førstemaitog i Førde under parolen "ja til bærekraftige arbeidsplassar, nei til gruveslam i norske fjordar.

STORT OPPMØTE: Over hundre menneske ropte "la fjorden leve" då dei gjekk gjennom Førde sentrum. NB: NRK har problem med speling av video og radio i ettermiddag, men når det er løyst kan du sjå videoen her.

Planane om gruvedeponi i Førdefjorden er omstridde, og har vekt både støtte og store protestar.

Toget gjekk i regi av Vevring og Førdefjorden Miljøgruppe og Naturvernforbundet. Berre 31 menneske hadde sagt at dei skulle delta på Facebook-sida til hendinga, som vart oppretta for berre to dagar sidan.

Men oppmøtet vart langt større. Godt over 100 menneske stogga biltrafikken og gjekk turen frå Sentrum Sør til Førdehuset, der appellar vart haldne

– Dette er godt oppmøte og mange engasjerte menneske. Det er slik første mai skal vere, seier SV-politikar og kommunestyrerepresentant i Naustdal, Ole Erik Thingnes.

Går for berekraftige arbeidsplassar

Han meiner det er heilt naturleg med stort oppmøte, sjølv om dei først tok initiativet til toget for 2-3 dagar sidan.

– Folk er engasjert i dette spørsmålet. Det prosjektet på Engebø har ein del aspekt med seg som er så galne at vi må berre vise kva vi meiner om saka.

– Kva er det de går i tog mot her?

– Vi går for berekraftige arbeidsplassar, seier Thingnes, og legg trykk på for.

– Men sjølvsagt går vi også mot å dumpe gruveslam i norske fjordar. Dei to tinga må vi å sjå i samanheng.

(Artikkelen held fram under biletet)

Førstemaitog i Førde

MYKJE FOLK: Her frå bakerste del av toget, der bilar fint måtte vente bak toget.

Foto: Eirik Hildal. / NRK

Tema også andre stader

På Facebook-sida skriv initiativtakarane til toget i Førde at det også vert parolar mot gruveavfall i sjø i Florø og på Youngstorget i Oslo.

Thingnes er ikkje overraska over det store oppmøtet.

– Det er ei sak som engasjerer mange, så det er lett å få folk til å stille opp.

Dei hadde ikkje god tid på seg, men følte dei måtte handle når dei fann ut at det ikkje skulle vere tog i Førde.

– Vi oppdaga at det ikkje var planlagt noko tog. Men vi var tenkt til å gå i førstemaitoget, og då måtte vi hive oss rundt og organisere eitt. Og dette ser verkeleg ut som eit førstemaitog, seier Thingnes engasjert.