Hopp til innhold

– Eg vakna av at mannen stod over meg og skreik at han ville ha pengar

Natt til måndag vart to norske familiar brutalt overfallen i bustaden sin i den spanske byen Malaga. Ei tenåringsjente vart dregen etter håret og ein familiefar slått fleire gonger i hovudet med pistol.

Malaga, Spania

BRUTALT HEIMERAN: Haustferien fekk ein dramatisk start for to norske familiar i Spania.

Under dramaet som følgde peika ransmannen pistolen direkte mot hovudet til fleire av familiemedlemmene.

– Det er slikt ein berre ser på film og ikkje skal oppleve, seier mora i den eine familien til NRK.

Begge familiane ønsker å vere anonyme, men gjev NRK lov til å skrive at dei er frå Sogndal i Sogn og Fjordane.

Låg og sov

Det var i firetida natt til måndag at dei to familiane vart utsette for eit brutalt heimeran i eit hus i Malaga i Spania. Familiane har tre mindreårige barn som var til stades under ranet.

Den eine familien er busett i Sogndal, og var på besøk hjå den andre familien frå Sogndal, som bur i huset i Spania.

Familiane hadde vore på stranda heile søndag og kosa seg med grilling søndag kveld. Alle låg og sov då inntrengaren tok seg inn i huset.

– Eg vakna av at mannen stod over meg og skreik at han ville ha pengar. Han hadde ein pistol retta mot oss. Me hadde ikkje kontantar, så det vart litt styr, seier familiefaren frå Sogndal til NRK.

Då starta eit drama som dei trur varte i 15 lange minuttar. Mannen truga familiane med våpenet og beordra dei til å gje frå seg verdiar. Fleire gonger retta ranaren pistolen mot hovuda til sogndølane.

Dei tre borna i tenåringsalder vakna av bråket.

Under dramaet drog ransmannen ei tenåringsjente etter håret og truga med å kidnappe ho dersom han ikkje fekk det han var ute etter.

Måtte gje oss

– Vår eiga dotter låg i eit soverom bak oss. Ho vakna også, men skjønte at ho ikkje skulle gå ut, seier mannen frå Sogndal til NRK.

Ranaren fekk med seg ein del smykke og ting som familien busett i Spania har hatt sidan barndommen.

– Ranaren slo mannen min tre gonger i hovudet med baksida av pistolen og gav seg ikkje før vi gav han alt, seier kona til NRK.

Mannen fekk lettare skader i ansiktet og måtte på sjekk på sjukehuset. Han har det etter forholda bra.

– Vi hadde ikkje anna val enn å gje ranaren alt når han står der og peikar ein pistol mot nasen vår og det er born i huset. Då er det berre å samarbeide og få det overstått, seier familiefaren frå Sogndal.

– Ranaren var rusa. Det lukta alkohol av han og kanskje andre ting også, seier dei til NRK.

To av tenåringane som var i huset får no oppfølging av helsepersonell i Spania. Den tredje vil få det når dei er tilbake i Noreg.

Framleis på frifot

Ranaren kan ha kome seg inn i huset via ei terrassedør.

– Vi har fått utruleg god og profesjonell hjelp av det lokale politiet. Dei kom akkurat for seint til å ta mannen, men dei har vore svært flinke etter det, seier mora som bur i Spania.

NRK har vore i kontakt med politiet i Malaga som stadfestar hendinga, men dei vil førebels ikkje kommentere saka ytterlegare.

Gjerningsmannen skal framleis vere på frifot. Videoopptak skal vise ein bil som sirklar rundt huset kl. 03.38 natt til måndag.