Hopp til innhold

To cupfinalistar frå same kommunen

Både Simen Stølen og Kjerstin Boge Solås er klare for å spele cupfinale. Og begge er frå Fjaler.

Feiring på fotballbana

FEIRING: Kanskje blir det feiring på Simen Stølen frå Dale også i helga

Foto: privat

Simen Stølen og Kongsvinger sikra seg finaleplass i NM i fotball då dei overraska Strømsgodset og vann 2-1 i semifinalen 27. oktober.

Søndag skal 1. divisjonslaget møte Rosenborg på Ullevål.

– Alt må klaffe. Vi møter Norges beste fotballag, så vi må tru på det vi gjer. Men det er berre ein fotballkamp, og det har vi prøvd før, seier Stølen, som er frå Hellevik i Fjaler.

No er han og Kongsvinger-laget i Berlin på treningssamling framfor den store finaledagen. Men han har òg fått med seg at ein sambygding òg har kome til ein cupfinale.

– Det er mange i Dale som gjer ein god jobb for at unge skal klare å komme seg opp og fram både i fotball og handball. Så det er artig at vi kan hevde oss nasjonalt, seier Stølen.

Trur dei kan vinne

– Eg tenkte på det då dei vann semifinalen. Det er veldig gøy, det viser at det går an, sjølv frå små plassar, seier Kjerstin Boge Solås, som vart klar for NM-finalen i går kveld, då ho og Tertnes vann 31-27 over Sola.

Ho møter storlaget Larvik i finalen i Oslo Spektrum 29. desember. Så dersom Boge Solås og Tertnes tar gull i år, er det ein stor sensasjon.

– Eg trur det skal vere mogleg å slå dei. Dei er sterke i Spektrum, dei har vore der 15 gongar på rad og vunne alle gongane. Så det blir vanskeleg.

Kjerstin Boge Solås

GJENNOMBROT: 2016 er det store gjennombrotsåret for Kjerstin Boge Solås frå Dale.

Foto: Jostein Vedvik

18-åringen frå Dale har sitt store gjennombrot i år, og ho har mange store oppgåver framfor seg, for før NM-finalen i slutten av desember. For først skal ho spele for sjølvaste landslaget, både i Møbelringen Cup i Norge og handball-EM i Sverige.

I tillegg til cupfinale, kan Simen Stølen og Kongsvinger rykke opp til eliteserien denne sesongen. Dei er midt i kvalifiseringa til eliteserien, etter at dei slo Sandnes-Ulf i den første kampen.

– Dei var verkeleg stått på

Arve Helle er tidlegare ordførar og veldig entusiastisk sportsentusiast, men han veit ikkje heilt korleis han skal forklare at dei begge har klart dette no.

Arve Helle

NØGD: Tidlegare ordførar og sportsentusiast Arve Helle likar veldig godt at to spelarar frå Fjaler skal spele cupfinale i helga.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Først og fremst skal dei to ha æra for dette sjølve. Det er to veldig målbevisste ungdomar som verkeleg har stått på for å oppnå det dei har oppnådd, seier Helle.

Dette er første gong ein fjalerbu er i ein NM-finale i handball, men Fjaler har tidlegare hatt spelarar i cupfinalen i fotball.

– Då Sogndal spelte mot Brann for førti år sidan, var der faktisk tre frå Fjaler på laget. Både Svein Bakke, Torodd Helle, og ikkje minst Knut Christiansen, som scora målet på Ullevål. Så han kjem inn i eit godt selskap.