Hopp til innhold

Jubla over fotballsiger – enda på legevakta

Intens jubel over ein siger i eit lokaloppgjer mellom Dale og Høyang gjorde at Arve Helle enda på legevakta.

Skade i leggen

ENDA PÅ LEGEVAKTA: Arve Helle var så nøgd med sigeren over Høyang at han jubla seg heile vegen til legevakta i Førde.

Foto: Privat

– Vi vann og eg jubla jo saman med alle dei andre. Då dommaren blåste i fløyta ved kampslutt, så rykka eg til med eit eller anna og det smalt kraftig i leggen, seier sportsleg leiar for Dale Idrettslag og tidlegare ordførar i Fjaler, Arve Helle.

Eit lokaloppgjer med høg prestisje mellom fotballaga Dale og Høyang i 4. divisjon var årsaka til den ville jubelen. Då Dale vann kampen 2–1 bobla det over.

– Det var ein spennande kamp. Under jubelen kjendest det ut som om eg vart skoten i leggen og noko skar seg, seier Helle.

Skade til trass, det heile var verdt det, meiner han.

– Heilt klart. Det var ein fantastisk følelse når ein veit kor kjekt det er å vinne lokaloppgjer. Det er verdt det, sjølv om det enda i ein tur til legevakta.

Frå jubel til legevakt

Skaden var først verre enn antatt. Turen gjekk til legevakta i Førde for den ihuga og jublande fotballsupporteren.

Skade

TRUDDE DET VAR STREKK: Skaden til Arve Helle etter den intense jubelen er truleg verre enn kva han først trudde. No går turen vidare til legevakta i Førde.

Foto: Privat

– Eg kan ikkje gå på foten. Først trudde eg det var ein strekk, seier Helle.

Skaden viste seg å vere ei rift i ei sene bak leggen. Helle har fått klar beskjed om å halde seg i ro til det legar seg sjølv.

Det er første gongen Helle har jubla seg fram til ein skade.

– Eg har aldri opplevd å bli skada i jubel før. Dette har eg heldt på med i nesten 30 år, men eg har aldri vore innom noko liknande før.

Ei roleg helg med lite fotball

Etter at Helle skada seg har kommentarane ramla inn.

– Alt frå oppmuntrande kommentarar til fleiping som ein berre må finne seg i, seier han.

Men ikkje tru at han skal slutte med ellevill jubel på fotballkampar med det første.

– Dei som kjenner meg veit at dersom eg svarar ja på det, så vil eg ikkje greie det likevel når situasjonen oppstår. Eg får heller vere som eg er og ta konsekvensane av det, ler han.

Det ser ut til å bli ei roleg helg for den ivrige supporteren til Dale. Helga skal bli brukt i sofaen.

– Får vel satse på at det er noko kjekt på fjernsynet, men det er lite fotballkampar denne helga. Kanskje like greitt, seier Helle.