Semitrailer og personbil i ulukke på rv. 15

Ein person er skadd etter at ein semitrailer og ein personbil kolliderte ved Maurset.

Ulukke

KJØS: Politiet melder om at det er særs glatt på staden.

Foto: SILJE GUDDAL / NRK

– I personbilen var det ei kvinne. Ho er sendt med luftambulanse til Førde sentralsjukehus med skader i bekkenet. Føraren av semitraileren er uskadd, seier innsatsleiar i politiet, Jan Tore Sunde.

Ulukka skjedde i krysset mot Maurset aust for Kjøs bru. Ei kvinne med skader i bekkenet blei henta av luftambulanse. To personar var involvert i ulukka.

– Ein personbil kom køyrande i retning mot Stryn. I krysset skulle personbilen ta av til venstre. Bak kom lastebilen som trefte personbilen. Begge hamna i grøfta, seier Sunde.

Naudetatane sleit med å opne døra og få føraren ut av personbilen. Det var glatt vegbane.

– Det var ekstremt glatt då vi kom fram til staden. Det var ei tynn hinne på vegbana, seier Sunde.

Ulukke

BILBERGAR: Trafikken blei dirigert på staden.

Foto: SILJE GUDDAL / NRK