På Refvika avgjorde Sten Are Edvardsen det heile til fordel for heimelaget fire minutt på overtid. Sigeren kom etter ein tett og jamnspelt kamp, seier Tornado Måløy-trenar Geir Ove Refvik. - Det var tett og tøft, og det laget som ville mest ville vinne, seier Refvik. Men han meiner at uavgjort kanskje hadde gitt eit rett bilete av kampen.
To tomålsskårarar
Øystein Hagen sette inn dei to første måla til heimelaget, medan Kim Rune Hellesund skåra begge Sogndal-måla, det eine på straffespark. Stillinga ved pause var 2-2.
- Parodi i Førde
Førde vann 2-0 over Jotun Årdalstangen 2 på kunstgrasbana i Førde i går kveld. Årdølene var ekstremt defensive, noko som effektivt drog ned tempoet. Det aller meste av kampen var det 21 spelarar pluss dommaren på banehalvdelen til Jotun Årdalstangen 2, berre unntaksvis fylgde årdølene etter når dei hadde fått beina ballen over midtstreken. - Det vart til slutt ein parodi, meiner Førde-trenar Stig Nord.
- Lite å gle seg over utanom poenga
Men Nord er heller ikkje nøgd med intensiteten til sine eigne spelarar. - Det var ein periode i første omgang der vi hadde bra tempo og fekk til nokre gode angrep. Utanom det er det lite å gle seg over utanom dei tre poenga, seier Nord.
Avgrensa tapet
Det unge nyopprykte mannskapet på andrelaget til Jotun Årdalstangen gjorde jobben dei kom for å gjere, nemleg å avgrense tapet mest mogeleg, og slik sett er trenar Jan Kåre Stedje godt nøgd med seriestarten.
- Læring viktigast
- Skadesituasjonen i Jotun Årdalstangen gjorde at fleire av spelarane frå andrelaget måtte spele på førstelaget laurdag. Dermed måtte vi hente spelarar frå 6. divisjonslaget til denne kampen. For desse spelarane handla det i første rekkje om å lære og om å tilpasse seg nivået, seier Stedje.
To minutt med effektivitet
Måla til Førde vart sette inn av Alexander Hjelmeland Rygg og Stein Erik Solheim, begge kom i den tominuttsperioden i første omgang då heimelaget var effektivt.