Hopp til innhold

Titusenvis må dele eitt offentleg toalett

OLDEN (NRK): Berre eit offentleg toalett og fleire tusen besøkande cruiseturistar kvar dag. Det skapar lange køar og irriterte turistar i Olden.

Dokø i Olden

DET EINASTE: Dette er Olden sitt einaste offentlege toalett. Då blir det lange køar, når fleire tusen turistar kjem til bygda.

Foto: Silje Guddal / NRK

– Eg vil helst ikkje bruke tida på å stå i toalettkø når eg er her. Vi skal ikkje vere så lenge, og eg vil heller sjå på naturen, seier Susie Eyae.

Saman med Angela Eyae har ho kome til Olden med eit cruiseskip. NRK møter dei når dei står i toalettkø.

Fleire tusen turistar besøker dagleg den vesle bygda inst i Nordfjord. 1. august vart det sett ny rekord, med 9000 cruiseturistar på ein dag.

Då blir det lange dokøar, når bygda berre har eit offentleg toalett.

Ifølgje hamnevesenet kjem det cruisebåtar med totalt 165.000 passasjerer til Olden i år.

– Dette er ein populær turistdestinasjon, og det ville vore ein god ide å ha fleire toalett dei besøkande kunne bruke, seier Angela Eyae.

 Angela (t.v.) og Susie Eyae

VIL HELLER SJÅ NATUREN: Angela (t.v.) og Susie Eyae tykkjer det er leit å bruke tid på å stå i dokø, når dei berre er i Olden for ein kort periode.

Foto: Silje Guddal / NRK

Forsøpling skapar problem

Den kraftige auken i cruiseturismen set press på fasilitetane i Olden. Manglande tilbod for toalett og søppelhandtering skapar problem både for turistane og lokalbefolkninga.

Bæsj i Olden

BÆSJ I VEGEN: Dette biletet blei teke på ein parkeringsplass i Olden laurdag.

Foto: NRK-tipsar / NRK

– Mange kastar søppel i våre søppeldunkar, og det vert fullt lenge før det vert tømt. Då blir vi ståande igjen og lure på kor vi skal kaste vårt eige søppel, seier Mona-Jill Knapp Forssèn Haugen, assisterande butikksjef på Bunnpris i Olden

Mange av kundane deira spør også om å få bruke toalettet i butikken. Ho meiner fasilitetane i bygda burde vore betre.

– Vi reklamerer for å vere ein av dei største turistdestinasjonane på Vestlandet. Då er dette noko som kan skape negative haldningar.

Dokø i Olden

TISSETRENGD: Må ein verkeleg på do, kan køen til det offentlege toalettet i Olden fort bli for lang.

Foto: Silje Guddal / NRK

Etterlyser strakstiltak

– Vi treng nye fasilitetar ganske umiddelbart, og det burde vore sett i gang strakstiltak allereie, seier Ketil Finsås Hansen frå kontaktutvalet i Olden og Oldedalen.

Ketil Finsås Hansen

ALLE MÅ BIDRA: Ketil Finsås Hansen frå kontaktutvalet i Olden og Oldedalen meiner at alle aktørane i Olden som har moglegheit, må auke kapasiteten for å løyse problemet.

Foto: Silje Guddal / NRK

Hansen seier at det er leit om dei manglande fasilitetane fører til at turistane får eit negativt inntrykk av området.

– Eg trur ikkje det er tilfelle i dag, men det er klart at vi risikerer at folk reiser herifrå med ein viss irritasjon om dei må bruke tida i toalettkø i staden for å sjå seg rundt.

Lovar knallhard innsats

Ordførar Sven Flo i Stryn vedgår at kapasiteten i Olden er for dårleg. Dei var ikkje forberedt på den raske veksten i cruisetrafikken.

– Ein har klart å ha nokolunde god kapasitet tidlegare år, men vi ser no at vi har langt fleire cruiseanløp, og at det vert fleire passasjerar på båtane, seier han.

Flo seier at dei no vil løyve midlar til ei utbetring av fasilitetane i budsjettet for neste år. Målet er at eit nytt toalettbygg skal stå ferdig neste sommar.

– Det er min klare målsetjing, og eg kjem til å jobbe knallhardt for å få det på plass. Vi kan ikkje ha det slik det er no.