Tillitsvalde: Oppkjøp har vore positivt

Tillitsvalde i Torghatten-selskap og næringslivskommentatorar meiner tilsette i Fjord1 har lite å frykte. Erfaringa tilseier at Fjord1 vil halde fram som i dag.

Miljøferje Torghatten Trafikkselskap

UTVIKLANDE: Andre transportselskap som er blitt kjøpt opp av Torghatten har merka få strukturendringar etter oppkjøp. – Dei har tilfør kapital slik at vi har fått utvikle oss, seier tillitsvald i tidlegare Hurtigruten-selskap, Kurt Roger Berg.

Foto: Multi Maritime

– Vi er same selskapet som vi har vore, og vi driv oss jo sjølv. Sjølvsagt merkar vi at vi er styrt frå Torghatten, men det er ikkje noko faretruande med det, seier Kurt Roger Berg, hovudtillitsvalde i maskinistforbundet.

I 2008 opplevde han og kollegaene det som er på trappene for Fjord1, då Hurtigruten sin ferje- og snøggbåtdivisjon vart kjøpt opp av Torghatten. No er det Fjord1 som er på veg inn i landets største selskap innan sjø- og busstransport. Langs kysten står dommedagsprofetia i kø. Vil selskapet smuldre opp? Kva skjer med Fjord1-namnet. Og kva med hovudkontoret i Florø?

– Torghatten har ført til utvikling

Torghatten har garantert for at Fjord1 sitt hovudkontor skal halde fram i Florø, men likevel har oppkjøpet skapt uro. Men det er lite å frykte skal ein tru Berg.

– Vi hadde aldri vore der vi er i dag om vi hadde halde fram i Hurtigruten. Då tenkjer eg på bygging av gassferjer og slikt. Dei har tilført mykje kapital slik at vi har fått utvikle oss, seier han.

Jostein Gjermundstad

LITE ENDRING: Firda Bilag har merka lite til at Torghatten har kome inn på eigarsida, meiner tillitsvald Jostein Gjermundstad.

Foto: Tone Lin Støfring Skovro / NRK

I Førde ligg eit anna selskap som heller ikkje har merka store endringar sidan Torghatten kom inn på eigarsida. I 2013 kjøpte Torghatteneigde Norgesbuss 50 prosent av rutebilselskapet Firda Bilag.

– Eg kan ikkje seie at vi har merka store forandringane på grunn av det. Det er framleis lokale kontor, bemanninga er den same og dei blandar seg ikkje direkte inn i drifta vår, seier tillitsvalde Jostein Gjermundstad.

Skapar profitt for aksjonærane

Tidlegare næringslivskommentator i NRK Nordland, Knut Eirik Olsen, meiner erfaringane med Torghatten som eigar til no tyder på at Fjord1 kan halde fram som før.

– Dei selskapa som Torghatten kjøper blir drivne på same måte som før dei vart kjøpt. Drivkrafta for å kjøpe så mange selskap må vere at dei er flinke til å drive og klarer å få profitt gjennom alle kjøpa. Det er også lite konfliktar trass i at dei har vakse raskt, seier Olsen.