NRK Meny
Normal

Eitt år sidan terrorangrepet - no er han tilbake i Boston for å springe maraton

Eitt år etter terrorangrepet under Boston Maraton er Terje Lyngstad tilbake i byen. Han var aldri i tvil om at han skulle springe maraton her igjen.

Terje Lyngstad

TILBAKE: Terje Lyngstad frå Førde tykkjer det er godt å vere tilbake i Boston. Her har han henta startnummeret sitt.

Foto: Veslemøy Lyngstad

Stemninga i byen er elektrisk, store mengder løparar og familie og vener med draumar og forventningar, og mange tankar rundt hendingane i fjor. Boston Strong!

Terje Lyngstad på Facebook

– Det er faktisk meir truleg at eg ikkje hadde reist bort hadde det ikkje vore for bombene i fjor. Men no er vi mange som vil vise at ingenting kan stoppe Boston Maraton, fortel Terje Lyngstad frå Førde dagen før sjølve løpet.

Det var 15. april i fjor at to bomber eksploderte mellom publikum som hadde samla seg ved mållinja. Boston-bombene er det verste terrorangrepet i USA sidan 11. september 2001. Bombene tok tre liv og 264 menneske blei skadd. To brør blei arresterte, mistenkte for å stå bak angrepet.

Forlèt området sju minutt før bombene small

For å få vere med på Boston Maraton må ein vere kvalifisert. Terje Lyngstad hadde så bra kvalifiseringstid i fjor at han hamna i den første puljen. Difor hadde han kome i mål då bombene small.

– Vi forlèt vel målområdet om lag sju minutt før eksplosjonen. Hadde eg vore i ei seinare pulje, hadde eg vore ein heilt stad då bombene gjekk av. Det var som ein kjede av flaks, fortel han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Terje Lyngstad gjekk i mål kort tid før dei to eksplosjonane i målområdet ved Boston Maraton

LIKE VED: Terje Lyngstad etter målgang i Boston maraton. Kort tid seinare small det to gonger i målområdet.

Foto: Montasje: Privat/Charles Krupa/Ap

– There is no finish line

No har Lyngstad vore tre dagar i Boston saman med borna sine. Han seier det er mykje folk der mållinja er og at folk snakkar i lag.

– Det er rekordmange som deltek i år. I fjor var det om lag 20.000 som ikkje fekk fullføre løpet på grunn av bombene. Dei som ville, har fått ein ny sjanse i år.

Han trur mange av dei ser fram til å krysse mållinja i år.

– I fjor blei mange møtt med: There is no finish line. Det var heilt kaos, seier han.

Mykje meir politi i gatene

Terje Lyngstad

BOSTON STRONG: Etter terroren i fjor blei slagordet Boston Strong laga. Dette kan ein sjå over heile byen. Terje Lyngstad seier det er ei spesiell stemning i byen dette året.

Foto: Veslemøy Lyngstad

Den erfarne maratonløparen frå Førde merkar at det er auka tryggleik i år. Det er mykje meir synleg politiet i gatene og han ser spesialstyrkar passe på løparen som skal springe 42 kilometer gjennom åtte bydelar.

– Politiet er veldig til stades. Det er også ein del skanning, som til dømes der vi hentar startnummera. Alt vi skal ha med på løpsdagen må vi ha i gjennomsiktige plastposar. Vi kan også risikerer å bli kroppsvisitert, så det er veldig strengt.

Tilbake i Boston fortel Lyngstad at det er spesielt å vere tilbake i den amerikanske storbyen.

– Det er noko heilt spesielt med å vere med på Boston Maraton, det er verdas eldste løp. Maratonet blir alltid arrangert den tredje måndag i april, på Patriots Day som er til minne om frigjeringa frå britane.

Skal springe sitt 75. maraton

Klokka ti lokal tid går startskotet i morgon. Terje Lyngstad har så bra kvalifiseringstid at han får starta langt framme i år også.

– Eg kan nesten ta på verdas beste løparar. Dette blir mitt 75. maraton og eg satsar på å komme i mål på 2:50. Det er meldt eit fantastisk ver og eg gler meg veldig, seier han.

Den nye regjeringa vurderer å kvitte seg med odelslova. Det kjem ikkje på tale, svarer bøndene.
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.