Hopp til innhold

Til sjukehus etter alvorleg ulukke i Lærdalstunnelen

Ein bilførar er sendt til Førde sentralsjukehus etter ei trafikkulukke på E16 i Lærdalstunnelen.

Trafikkulukke i Lærdalstunnelen 10. juli 2019

STORE SKADER: Bilen fekk omfattande skader i samanstøyten med tunnelveggen i Lærdalstunnelen. Det er førebels uvisst kor alvorleg skadd bilføraren er.

Foto: Politiet

Ulukka skjedde mellom seks og sju kilometer inne i tunnelen frå lærdalssida.

Operasjonsleiar Morten Rebnord ved Vest politidistrikt seier dei fekk melding om ulukka like før klokka 01.

– Vi fekk melding om ei alvorleg trafikkulukke, der ein bil hadde køyrd i fjellveggen og fått store materielle skader. Bilførar var vaken og bevisst, og vart teken hand om av forbipasserande, seier han.

Bilføraren hadde smerte i bryst og rygg og vart først køyrd til sjukehus i Lærdal, før han vart frakta vidare med luftambulanse til Førde.

Det er 80-sone gjennom den 24,5 kilometer lange tunnelen som knyter Lærdal saman med Aurland. Det var ingen andre bilar involvert i ulukka, men det var vitne til sjølve ulukka.

Politiet skildrar skadeomfanget som uvisst, men føraren skal sjølv ha kome seg ut av bilvraket. Rebnord seier bilen er å rekne som totalvrak.

– Vi har gjort undersøkingar på staden, og avhøyrt vitne. På bakgrunn av opplysningar frå vitne og undersøkingar på staden, tyder det på at det har vore høg fart. Bilen er å rekne som totalvrak, seier Rebnord.

Bilføraren, som var åleine i bilen, er førebels ikkje avhøyrd. Tunnelen var stengd fire timar etter ulukka.

– Det var eit stort oppryddingsarbeid etter ulukka, og tunnelen fekk skadar som entreprenør måtte vurdere før tunnelen kunne opne att, seier Rebnord.

Politiet har oppretta sak på ulukka og vil onsdag kontakte sjukehuset med tanke på å få avhøyrd bilføraren.

Politioverbetjent Knut Arne Klingenberg i Lærdal seier dei no driv med etterforsking. Han kan førebels ikkje seie noko om farten og årsaka til ulukka.

– Vi skal gjere avhøyr av vitne og gjere tekniske berekningar. Vi har enno ikkje snakka med føraren av bilen.

Han seier ulukka kunne fått eit heilt anna utfall om det var ein eldre bil.

– Han er forholdsvis ny, og det er ein av tinga som gjer at det går så bra som det har gjort. Det handlar om utstyr og konstruksjonen på nyare bilar, seier han.

Lærdalstunnelen